Nonneseter kloster i Oslo

59°54′31″N 10°46′05″E / 59.90861°N 10.76806°E / 59.90861; 10.76806 Nonneseter kloster i mellomalderbyen Oslo har vore eit kloster for kvinner, og har mest truleg høyrd til benediktinarordenen, sjølv om det ikkje er råd å stadfesta dette. Klosteret er kjend frå skriftlege kjelder frå 1161, ettersom det er omtalt i Soga om Håkon Herdebrei (kap. 17) i samband med kampane mellom kong Inge og Håkon Herdebrei. Difor er det truleg at klosteret vart skipa i 1100-åra, kan hende i fyrste fjerdeparten av 1100-talet og etter initiativ av Oslobiskopen. Det skal ha vore rikt og ha hatt ein sentral posisjon i si tid, og vart truleg lagt ned i 1547 som fylgje av at den romerskkatolske kyrkja i Noreg vart utradert under reformasjonen som den dansk-norske kongen sette i gang.

Det er no ikkje noko att av klosteret eller av klosterkyrkja, som var vigd til gudsmora, Jomfru Maria, og difor ikkje heilt visst kvar klosteret låg. Truleg har mesteparten av kyrkja vorte fjerna då bygarden Schweigaardsgate 50 i Gamlebyen vart bygd i 1887. Eit murt hjørne av ein kvadersteinsbygning som vart funne i grunnen under gata i 1879 kan vere eit av hjørna i kyrkja. Dette hjørnet låg på staden der den tidlegare «Munkeklostergaarden» sto i Schweigaards gate, nær krysset med gata Grønlandsleiret. Denne bygningen vart i 1602-1603 omtalt som del av «det gamle kloster Aaslo», og det vart sagt at det då vart lagt «nye bjelker i det krysshus ud fra den store kirke». I 1616 vart klosterets «kirkemur» overdratt Oslos borgarskap til bruk som materialar til bygging/reparasjon av rådhuset. Ved nybygging på denne tomta i 1757 kom det for dagen fleire restar av murar og ei mengd skjelett etter gravlagde menneske. Ved arkeologiske granskingar i det såkalla Hollenderkvartalet i Grønlandsleiret/ Schweigaardsgate, vart det i Grønlandsleiret 61 funne ein mur i aust-vestgåande lei med graver på sørsida, og dette kan ha vore ein nordre mur kring kyrkjegarden til klosteret. Elles er klosteret lite kjent i arkeologisk samanheng. Men det er altså mykje som tydar på at klosteret har lege på denne staden, og såleis utanfor mellomalderbyen i nord, på nordsida av Hovinbekken.

Kjelder endre