Nordahl Griegs veg

veg i Bergen kommune

Nordahl Griegs veg er ein veg på Hop i Fana bydel i Bergen kommune. Han går nordaustover frå Wernersholmvegen til Nøysomheten og Nesttunvegen (ikkje innkøyring) og er om lag 450 meter lang.

Nordahl Griegs veg
Heimen til Nordahl Grieg ligg i Nordahl Griegs veg

Namnet vart vedteke i 1947 og er kalla opp etter Nordahl Grieg (1902-1943) som budde i nr. 11 ein del år av oppveksten. Det vart sett opp ei minneplate utanfor huset hans av Fana kommune i 1947.

Knutepunkt endre

Kjelder endre