Paradisstranden

veg i Bergen kommune

Paradisstranden er ein gang- og sykkelveg nord i Fana bydel i Bergen kommune. Han går sørover langs austsida av Nordåsvatnet frå Gamlehaugvegen ved Gamlehaugen til Troldhaugvegen ved den gamle Hop jernbanestasjon og er om lag 2 km lang.

Paradisstranden.

Fram til 1983 var vegen ein parsell av den nedlagde jernbanestrekninga på Bergensbanen mellom Nesttun og Bergen jernbanestasjon. Fram til 1988, då motorvegen Fritz C. Riebers veg opna, vart vegen nytta som bilveg.

Namnet vart vedteke i 1985.

Knutepunkt endre

Kjelder endre