Nordamerikansk pannekake

Nordamerikanske pannekaker er pannekaker av egg, mjølk, smør, kveitemjøl, sukker og bakepulver. Dei blir etne til frukost og middag i USA og Canada. Ein har gjerne lønne-sirup eller smør over.

Nordamerikanarar kan òg ha frukta oppå pannekaka si.

Ingrediensane blir rørte snøgt saman til ei tjukk røre, som blir steikte rundt eitt minutt på kvar side. Pannekaka skal vera rundt 15 cm i diameter og luftig, og bør etast med ein gong.

Variasjonar er bruk av bygg- eller rugmel saman med kveiten og skumma mjølk. Ein kan òg ha i fyll som bananar, jordbær, ost og sjokolade.

Kjelde endre