Nordens hus på Island

Nordens hus (islandsk Norræna húsið, finsk Pohjolan talo) er ei kulturstifting og eit kulturhus i Reykjavík, drive med støtte frå Nordisk Ministerråd. Nordens hus har som mål å fremja og styrkja banda mellom Island og dei andre nordiske landa.

Nordens hus i Reykjavik, sett frå Hallgrímskyrkja.
Foto: Christian Bickel

Huset er teikna av den finske arkitekten og designeren Alvar Aalto og vart innvigd i 1968. Det rommar blant anna eit bibliotek, ein kafé og kontor for sendelektorane i dei nordiske landa ved Háskóli Íslands.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre