Nordisk optisk teleskop

(Omdirigert frå Nordisk Optisk Teleskop)

Nordisk optisk teleskop, NOT eller Nordic Optical Telescope er eit astronomisk teleskop plassert ved Roque de los Muchachos - observatoriet på La PalmaKanariøyane. Teleskopet blei klart til bruk i 1988, og observasjonar blei sett i gang i 1989. Dei nordiske landa Noreg, Sverige, Finland og Danmark finansierte bygginga og drifta. I 1997 blei Island au med i NOT-samarbeidet. Astronomar frå heile verda får tilgang til å bruke teleskopet gjennom å sende søknad til ein komité.

NOT nær tida til soleglad, med Atlanterhavet til venstre.

NOT var det fyrste store teleskopet som nytta aktiv optikk til å korrigere forma til primærspegelen.

NOT er eit 2,56 meters teleskop med fylgjande instrumentering:

  • ALFOSC -- CCD (synleg lys) - spektrograf for fjerne objekt, fire megapiksels kamera
  • NOTCam -- Eit megapiksels (HgCdTe) Hawaii-infrarødt kamera og spektrograf
  • MOSCA -- Seksten megapiksels CCD-kamera
  • SOFIN -- Høgoppløseleg CCD-spektrograf (opp til R=170 000)
  • StanCam -- Stand-by eit megapiksels CCD-kamera
  • LuckyCam -- Høghastigheitskamera med låg støy, av CCD-typen, for «heldige bilde»
  • TURPOL -- UBVRI Photopolarimeter
Servicebygget og domen til Nordisk optisk teleskop som ligg over skylaget på toppen av Roque de los Muchachos på La Palma.
Det indre av teleskopet, dette instrumentet står i cassegrainfokus

Bakgrunnsstoff endre