Nordisk Språkteknologi Holding AS

Nordisk Språkteknologi Holding AS, eller NST, var eit norsk språkteknologisk firma som heldt til på Voss. NST vart grunnlagt i 1997, og hadde fokus på talebasert språkteknologi for norsk.

NST vart slått konkurs i oktober 2003, og dei språklege ressursane som NST utvikla vart kjøpt opp i konkursboet av eit sameige av Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, Språkrådet og IBM. Dei er no handterte av Språkbanken[1] og er fritt tilgjengelege for kommersiell bruk.

Kjelder endre

  1. «Akustiske databaser for norsk, dokumentasjon» (PDF) (på norsk). Nasjonalbiblioteket, juni 2011. Henta 21. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre