Honningsvåg

Eit tettsted i Nordkapp kommune i Finnmark

Honningsvåg er ein by på Magerøya i Nordkapp kommune, nord i Finnmark.[1] Honningsvåg ligg 35 km sør for Nordkapplatået. Byen hadde eit folketal på 2,453 i januar 2019. Byen er senter i Nordkapp kommune. Honningsvåg vert også kalla for Áváhki eller Honnesváhki frå nordsamisk

Honningsvåg
By
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Nordkapp
Areal 1,05 km²
Folketal 2 245  (2023)
Folketettleik 2 138 / km²
Postnummer 9750 HONNINGSVÅG
Kart
Honningsvåg
71° N 26° E
Wikimedia Commons: Honningsvåg

Honningsvåg har sidan 1999 vore knytt til fastlandet gjennom ein nesten 7 km lang undersjøisk tunnel. Saman med Honningsvåg ligg bustadsområda Nordvågen i aust og Storbukt i vest.

I Honningsvåg finn ein Honningsvåg barneskule og Nordkapp vidaregåande skule.

Etymologi endre

Namnet Honningsvåg har ikkje noko med Honning å gjere. Det kjem frå Horntindsvåg, med forklaringa «vågen under tinden forma som eit horn». Tinden heiter i dag Storfjellet.

Historie endre

Kyrkja i Honningsvåg frå 1885 var den einaste bygningen som stod att etter at dei tyske troppane hadde rasert byen som del av den brente jords taktikk i 1944.

Nordkapp kommune vedtok bystatus for Honningsvåg frå 1. oktober 1996.

Nordkappmuseet i Honninsvåg sentrum er staden for å lære meir om byen si historie.

 
Nordkappmuseet

"Noregs Sommerby" endre

I 2006 vart det heldt ein konkurranse "Norges Sommerby" av NRK Reiseradio, der Honningsvåg gjekk av med sigeren. Drammen og Fredrikstad vart utslått. Sigeren førte til at det vart setten opp eit skilt 'Norges Sommerby', ved vegen like før ein køyrer inn til byen.[2]

I 2010-åra vart hamna i Honningsvåg utbetra for å kunne ta imot Cruiseskip. Vitjande som kjem reisande til Honningsvåg kan også bu på ein campingplass, Nordkapp Camping, nokre kilometer utanfor sentrum.

Honningsvåg i kulturen endre

  • Reality-serien 71 grader nord der målet er å komme seg til Nordkapp har vorte spelt inn her.
  • I filmen Børning frå 2014 var plottet i filmen å køyre heilt opp til Nordkapp.[3]
  • I den tyske dokumentarfilmen I want to run var målet å komme seg frå Sør-Italia til Nordkapp.[4]

Kjelder endre

  1. Dalfest, Terje; Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein. (25. november 2019). «Finnmarks natur». Store norske leksikon. Henta 21. januar 2020. 
  2. Kjøstelsen, Ida (5. august 2006), «Honningsvåg er vinneren», NRK (på norsk bokmål), henta 27. september 2020 
  3. Bræin, Hallvard (13. august 2014), Børning, Anders Baasmo Christiansen, Ida Husøy, Sven Nordin, Otto Jespersen, Filmkameratene A/S, Wonderworks Films, henta 27. september 2020 
  4. I want to run - Das härteste Rennen der Welt (2011) - IMDb, henta 27. september 2020 
  Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.