Trollfeltet
Troll er eit gassfelt og oljefelt i norsk sektor av Nordsjøen. Feltet ligg vest av Øygarden kommune, 50 km vestover frå Fedje og 100 km nord-vestover frå Bergen.
Trollfeltet | |||
petroleumsfelt | |||
Troll A i Trollfeltet
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Troll 60°38′44″N 3°43′35″E / 60.6456°N 3.72639°E | |||
Wikimedia Commons: Troll field |
Condeep- oljeplattforma Troll A i betong er den største byggstrukturen som har vorte flytta av menneske. Total vekt er 1,2 millionar tonn, total høgd er 472 meter. Djupna på feltet er kring 300 meter.
Statoil er operatør for Troll gass (Troll Øst), medan Norske Shell var operatør i utbyggingsfasen. Norsk Hydro er operatør for Troll olje (Troll Vest).
Installasjonar
endre- Troll A - plattform med betongunderstell sett ned på havbotnen.
- Troll B - flytande produksjonsplattform for utvinning av råolje frå Trollfeltet
- Troll C - flytande produksjonsplattform for utvinning av råolje frå Trollfeltet
- Troll Pilot - separasjonsanlegg på havbotnen
- Troll Oseberg gassinjeksjon (TOGI) havbotnramme for eksport av gass til Osebergfeltet
Kjelder
endre- Tre hoder over ett Troll på http://www.npd.no (Oljedirektoratet)
- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2006. Nettversjon