Nordlyskatedralen Alta kyrkje
Nordlyskatedralen Alta kyrkje er ei kyrkje i Alta frå 2013. Katedralen er laga i ei nordlysliknande spiralform og har eit tårn med totalhøgd på 47 meter. Katedralen er ei fleirbrukskyrkje med mange ulike rom fordelt på tre etasjar. Han har 350 sitjeplassar.[1] Utsmykkinga og dei liturgiske møblane i kyrkjerommet er utforma av den danske kunstnaren Peter Brandes.[2][3]
Nordlyskatedralen Alta kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Alta | ||
Sokn | Alta | ||
Arkitekt | Schmidt-Hammer-Lassen Architects, LINK Signatur A/S | ||
Innvigd | 10. februar 2013 | ||
Tårn | 47 meter | ||
Døypefont | Peter Brandes | ||
Altartavle | Peter Brandes | ||
Sitjeplassar | ~355 | ||
Nordlyskatedralen Alta kyrkje 69°57′54″N 23°15′59″E / 69.965°N 23.2664°E | |||
Wikimedia Commons: Nordlyskatedralen |
Bygget
endreNordlyskatedralen er den nye hovudkyrkja i Alta sokn i Alta prosti i Nord-Hålogaland bispedømme, etter Alta kyrkje. Den nye kyrkja vart til etter 40 år med innsats frå den lokale kyrkjelyden. Byggjeperioden var frå 2009 til 2013. Hovudentreprenør var Alta-selskapet Ulf Kivijervi AS.[4]
Vigslingsgudstenesta for Nordlyskatedralen vart halden sundag 10. februar 2013 og vart kringkasta direkte i radiogudstenesta i NRK P1 den dagen og på nett-TV. Til stades på gudstenesta var Kronprinsesse Mette-Marit og biskop i Nord-Hålogaland, Per Oskar Kjølaas.[5][6]
Galleri
endre-
Nordlyskatedralen sett frå Markedsgata.
-
Nordlyskatedralen i oktober 2018.
-
Altaret i Nordlyskatedralen.
-
Kyrkjeorgelet i Nordlyskatedralen.
-
Døypefonten i Nordlyskatedralen.
Kjelder
endre- ↑ «Kirkesøk - Kirkebyggdatabasen», kirkesok.no (på norsk), henta 4. februar 2024
- ↑ «Nordlyskatedralen Alta kirke : Utsmykking». www.nordlyskatedral.no. Arkivert frå originalen 10. februar 2022. Henta 17. juli 2022.
- ↑ «Nordlyskatedralen Alta kirke : Liturgiske møbler». www.nordlyskatedral.no. Arkivert frå originalen 21. oktober 2021. Henta 17. juli 2022.
- ↑ «Entreprenør og underentreprenører». nordlyskatedral.no. Arkivert frå originalen 2. april 2013. Henta 15. februar 2013.
- ↑ «Nordlyskatedralen Alta kirke : Vigsling av katedralen 10. februar». www.nordlyskatedral.no. Arkivert frå originalen 17. juli 2022. Henta 17. juli 2022.
- ↑ «Vakker og høytidsstemt vigsling». nordlyskatedral.no. Nordlyskatedralen Alta kirke. 10. februar 2013. Arkivert frå originalen 11. desember 2013. Henta 11. februar 2013.
- Den offisielle nettsida til Nordlyskatedralen Arkivert 2013-04-01 ved Wayback Machine.