Opna hovudmenyen

Andreas Johannes Haavoll (25. september 18696. mars 1958) var ein norsk bankmann, lærar og redaktør, fødd i ØrstaSunnmøre. Han er i dag mest kjend for å ha skapt teikneserien om Smørbukk.

Andreas Haavoll
Fødd 25. september 1869
Ørsta
Død

6. mars 1958

Yrke journalist

BiografiEndra

Andreas Haavoll vart stadig meir involvert i bladarbeid i løpet av livet sitt. I 1903 skreiv han for Kristiansundsbladet Nordmør.

1910 flytta han til hovudstaden, då han gjekk inn som medeigar og forretningsførar for nynorskavisa Den 17de Mai. Då redaktøren Rasmus Steinsvik døydde i 1913, vart Haavoll bladstyrar. Denne stillinga hadde han stundom åleine, stundom saman med andre i åra fram til 1917, då han trekte seg ut av dette tiltaket.

Haavoll var ansvarleg utgjevar av Norsk Barneblad frå 1912. Frå 1916 heilt fram til 1956 var han redaktør av bladet. Dei to fyrste åra delte han stillinga med Arne Falk, åra 1949-54 med Øyvind Dybvad. Mest heile denne tida dreiv han Norsk Barneblads Forlag, som gav ut mange barnebøker på nynorsk.

Teikneserien Smørbukk vart til då teiknaren Jens R. Nilssen illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i Norsk Barneblad i 1938. Frå og med neste nummer av Norsk Barneblad som kom ut 30. juni 1938, var Smørbukk blitt ein eigen teikneserie. Illustrasjonane var ved Nilssen, og historiene vart skrivne av Haavoll, Øyvind Dybvad og Johannes Farestveit m. fl.

Norskdomsmannen Haavoll var aktivt med i dei fleste nynorsktiltak i Oslo. I 1939 vann han Melsom-prisen for utgjeving av barnebøker.

KjeldeEndra