Skogfinnar (svensk skogsfinnar eller svedjefinnar) er ei etnisk gruppe som stammar frå finnar frå Savolax og Tavastland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg, særleg området som vart kjent som Finnskogen, på begge sider av den svensk-norske grensa, hovudsakleg på 1500– og 1600-talet. Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg.[1] Det finst kring 1,7 millionar svenskar og drygt ein halv million nordmenn med skogfinsk avstamming.[2]

Det skogfinske flagget.
Alma Gustavsson, fødd i 1896 på Heinaho i Nyskoga sokn, var ein av dei siste värmlandsfinnane som snakka skogfinsk. Ho døydde på 1980-talet.

Størstedelen av denne finske utvandringa skjedde i løpet av hundreårsperioden ca. 1575–1660. Skogfinnane var i hovudsak frå Savolax i Finland (som då låg under Sverige), og dei slo seg ned i ulike skogområde i Midt-Sverige og Søraust-Noreg. Ikkje minst kom denne innvandringa til å prege det store skogsområdet, Finnskogen, på båe sider av den noverande riksgrensa mellom Hedmark i Noreg og Värmland i Sverige, grovt avgrensa av elvane Glomma i Noreg i vest, Klarälven i Sverige i aust, og i Noreg av grensa til Eidskog kommune i sør og Trysilvegen i nord. På sitt tradisjonelle vis bygde dei i slike skogsområde gardshusa sine og skaffa seg åker og beiteland ved såkalla svedjebruk, som går ut på å hogga og brenna skogen for å dyrke i oska.[3]

Det var både personlege, økonomiske, politiske og samfunnsmessige årsaker som gjorde at dei reiste. Ei av årsakene var den arealkrevjande landbruksforma som dei hadde som hovudnæringsveg, svedjebruk, sidan dei dreiv skiftebruk i utmarka ved å svi av granskog og så rug i oska, såkalla rugbråter.[4] Dette bråtebruket vart nokre stader drive fram til ca. 1800, men gradvis gjekk etterkommarane over til fast åkerbruk.

Skogfinnane lærte seg svensk eller norsk og vart tospråklege, men heldt lenge på den kulturelle særarten og det finske språket. Blandingsekteskap vart vanlege tidleg. Ved slutten av 1700-talet hadde skogfinnane i stor grad vorte assimilerte inn i den svenske eller norske kulturen, ein prosess som var nærast fullstendig fullført ved byrjinga av 1900-talet.

Namn endre

Omgrepet «skogfinnar» er fyrst kjent frå sanksjonar frå den dansk-norske kongen frå 1648, men folka har også vore kjende som svedjefinnar, savolaksfinnar eller rugfinnar. Den finske nemninga er metsäsuomalaiset.[2]

Historie endre

 
Skogsfinnar fotograferte i skuronna i Purala i Östmark i 1931.[5]

Under den strenge klimaforverring i den såkalla vesle istida frå 1300 til 1850 ekspanderte det savokarelske svijordbruket i alle retningar, sterkast i perioden 1550-1700. Dei store jomfruelege granskogsområda i nord var ein nisje i næringsgrunnlaget. Denne jordbruksekspansjonen frå Savolax og Karelen gjekk til Sverige, Nord-Finland, Twer, Ingria, Estland og Noreg.

Granskogen var ikkje verdsett for tømmerproduksjon slik som furu. Han vart omtalt som unyttig, og styresmaktene i Sverige ønskte grankonsumentane velkomne. Samfunnet ville ha nye skatteborgarar, så derfor vart nykommarane stimulerte med tilbod om skattefridom i byrjinga. Dette statlege lokkemiddelet var ikkje årsaka til ekspansjonen, men det hadde ein positiv verknad.

Etter krigen i åra 1555-57 mellom svenske og russiske troppar, klaga russarane over at finnane trekte austover og tok landet i bruk, og dette heldt fram til freden i Stolbova i 1617. Også dei politiske forholda oppmuntra finnane til framleis utflytting. I åra 1637–42 emigrerte mange svedjefinnar frå Karelen vidare austover til guvernementet Twer (Kalinin), godt hjelpt av den russisk-ortodokse kyrkja og adelen, som ønskte seg nye skattebetalarar. Granskogane på Valdai høglandet, Tikhvin og Novgorod fekk også finske svedjebrukarar. Dette er godt dokumentert i arkivet i Twer.

Skogfinnar var også ein del av svensk etablering i Amerika. På 1630-40-talet kom dei så langt vest som Nye Sverige ved Delaware-elva i USA.[6]

Svedjebruk endre

 
Trälar under penningen av Eero Järnefelt viser svijordbruk i Karelen.

Dei finske innvandrarane til Skandinavia på 1500- og 1600-talet hadde svedjebruk som si primære jordbruksform. I Skandinavia kom dei snart i kontakt med åkerbrukskulturen til bygdefolket, og det kom i gang eit gjensidig samarbeid. Fordi skogfinnane var spesialistar på svedjebruk, søkte dei seg til dei beste granskogsområda, men desse var som oftast også i bruk som setermarker av bøndene.

I denne perioden med klimaforverring var bøndene tvinga til aukande utnytting av setrane sine. Samtidig auka utvidinga til svedjebrukarane seg. Talet og storleiken på svedjane måtte auka for å oppnå same avling som før. Dette førte til ei intens utnytting av seterskogen, men finnane etterlét seg det bonden helst ville ha; inngjerda (olla piihassa) avlagde svedjer der det vaks gras (niittu abo). Dette samarbeidet førte ofte til at finnane fekk slå seg ned på setra, og skogfinnane hadde også ofte husdyr frå bygda i pensjon om sommaren. Det blir også nemnt at finnane leverte smør både til bygda og vidare til byen. På Finnskogen endra dette seg ein del då tømmerhogsten auka på 1800-talet.

Skogfinnane danna såkalla svedjelag når det skulle hoggast, brennast og haustast ei svedje. Svedjelaget bestod av mange øksemenn under ein leiar. Leiaren Tomas Hakkinen skal ha hatt 50 menn på sitt svedjelag.

Norske styresmakter prøvde å få oversyn over talet på skogfinnar i Noreg gjennom folketeljingar, mellom anna ved Finnemanntallet for 1686.

 
Husbonden på Juhola. Frå Svenska Turistföreningens årsskrift 1928.
 
Finskætta kvinner med kyr i Värmland på 1950-talet.
Foto: Erik Liljeroth

Sidan byrjinga av 1900-talet er skogfinnane vorte assimilerte blant befolkninga rundt. Det finske språket blir ikkje tala meir, og berre stadnamn minner om den finska arva. I område med større busetjingar med finska enklavar kunne finnane ganske lenge unngå assimilering og oppløysing. Dette galdt særleg i dei største av dei värmlandske finnbygdena ved norskegrensa i Fryksdalen og Klarälvdalen, særleg i sokn som Östmarks socken, Nyskoga socken, Södra Finnskoga socken og Vitsands socken og i Grue Finnskog i Noreg, som hadde ein homogen finsk busetnad i eit breitt skogsområde som var 14–15 mil langt. Ein av de siste finskkunnige i finnskogane i Värmland var Henrik Olsson (1895–1980). Finsk hadde overlevd i 350 år isolert utan skriftspråk.

Kultur endre

 
Hakkloa er eit av fleire finske stadnamn i Nordmarka. Her er vatnet sett nordfrå, med Kikuttoppen bak til høgre.

Den tradisjonelle jorddyrkinga ved svedjebruk, den tradisjonelle byggjeskikken med mellom anna røykstover med ein stor oppmurt steinomn (røykomn) som tok om lag fjerdeparten av plassen i rommet, og den skogfinske kombinasjonen av kristen tru og tradisjonell folketru, utgjorde ein særeigen skogfinsk kultur i høve til den norske og svenske.

Finnane hadde lenge rykte på seg for å vera trolldomskunnige. I 1817 og perioden 1821–22 utførte den Savolax-fødde finlandssvenske studenten Carl Axel Gottlund reiser til dei svenske og norske finnbygdene. Under desse reisen skildra han ei særs utførleg dagbok over stadnamn, gardar og slektsnaman til innbyggjarane. På denne tida var 17–18 prosent av innbyggjarane i Värmland, eller cirka 25 000 personar, av finsk ætt.

I seinare år er det vorte drive eit aktivt kulturvernarbeid på Finnskogen for å ta vare på skogfinsk kultur, m.a. med skipinga av «Republikken Finnskogen». Forfattaren Åsta Holth og museumsstyraren Birger Nesholen gjennom Norsk Skogfinsk Museum har vore sentrale i dette arbeidet.

Finske stadnamn endre

Svedjebruket kravde store areal med skog, og dette var tilgjengeleg i desse områda, som låg langt vekk frå bygdene. Både i Noreg og Sverige fekk desse skogsområda etter kvart namna finnskogar eller finn(e)marker (mark i tydinga skogsmark, jamfør namn som til dømes Nordmarka). Finnskogen langsetter riksgrensa mot Värmland var hovudområdet for denne finske busetnaden i Noreg. Men det var òg finsk busetnad i andre skogsområde på Austlandet, mellom anna i dei skogsområda sør for Tyrifjorden som har fått namnet Finnemarka. Namna som finnane sette på stadar, elver, vatn, myrar og åsar i desse områda er framleis i bruk, ofte i norsk språkdrakt, og gjerne med tilføyingar som fylgje av mistydingar av dei finske orda.

Det finst finnebuplassar over eit stort område på Austlandet frå Finnskogen i nordaust til Finnemarka utanfor Drammen i sørvest. Mange er framleis i drift som vanlege småbruk. Skogfinnane har etterlate seg mange finske stadnamn. Hakkloa i Nordmarka er eit døme. Sentrum for kulturen i Noreg i er Finnskogen i Innlandet.

Frå Värmland finst det rundt 7 000 finske stadnamn nedteikna. Av desse er rundt 4 000 i vanleg bruk eller lever att i folkeminnet.

Skogfinsk byggjeskikk endre

 
Orala (norsk Åranstorpet) på Vinger Finnskog.

Skogfinnane hadde ein heilt særeigen byggjeskikk med røykstove, badstove og rie som dei viktigaste karakterbygningane.[7] Når det gjeld sjølve gardstunet, har det heilt opp til våre dagar vore karakteristisk for Finnskogen at bygningane på gardstunet er langt meir spreidde og vilkårleg plasserte enn dei meir ordna tunformasjonane i norsk- og svenskbygder. Tilsvarande tunformer har vore karakteristiske for område i austre Finland.

Røykomnprinsippet for oppvarming hadde finnane med seg frå Finland då dei kom og slo seg ned i dei norsk-svenske granskogområda frå midten av 1600-talet. På Finnskogen heldt finnane fram med å bruka denne oppvarmingsteknikken – og dermed også byggjeskikken – i 300 år. Ei rekkje røykstover vart bygde på siste halvdel av 1800-talet, og ein har bygd badstover til inn på 1900-talet.

Røykstove endre
For meir om dette emnet, sjå Røykstove.
 
«Rökstugan» frå 1700-1800-talet, no ved Sågudden friluftsmuseum i Arvika.
 
Inne frå røykstova ved Ritamäki finngård i Torsby kommun.

Det spesielle med ei røykstove er oppvarmingsmåten. For at rommet skal fungera best mogleg med røykomn utan skorstein, er det nødvendig med nokre tekniske modifikasjonar av rommet. Ein av desse modifikasjonane i høve til eit vanleg våningshus er den brekte himlingen/innertaket som kviler over to veldige berestokkar. Desse åsane går på dei fleste røykstovene ut gjennom gavlveggen og er ofte det einaste som særmerkjer ei røykstove utvendig, om ein då ser bort frå røykhatten på toppen av røykkanalen av tre som stikk opp over yttertaket og som leier røyken ut frå røykstoverommet.[8]

Røykomnen er eit fenomenalt oppvarmingsprinsipp. Røykomnen er bygd opp av ei stor mengd naturstein mura saman med leire som bindemiddel. Når denne steinmassen blir varma opp gjennom fyring i omnen, fungerer han som varmemagasin som frigjer nok varme til å halda ein behageleg romtemperatur heile det neste døgnet. Røyken under oppfyringa veltar ut i rommet og legg seg som eit bølgjande teppe oppunder det brekte taket. På denne måten varmar røyken opp vegger og tak i rommet slik at også dei grove trematerialane verkar som varmekjelde i lang tid etter at elden er sløkt.

Røykomnen vart fyrt ein gong i døgnet – vanlegvis om morgonen/formiddagen når folk likevel for det meste oppheldt seg utanfor rommet. Med fyring ein kort periode kvar dag i vinterhalvåret trongst sjølvsagt ikkje på langt nær så mykje ved som ved fyring i ordinær peis eller jernomn, for å halda ved like varmen i steinmassen, og fyringa trong heller ikkje å vera så langvarig. Den siste røykstova som var i tradisjonell bruk vart fråflytta så seint som 1964.

Badstove endre
For meir om dette emnet, sjå Badstove.
 
Badstove ved Karmenkynna.

Badstovebadinga har vore tradisjon på Finnskogen frå innvandringa og heilt fram til vår tid. Enkelte gardar har hatt bading i røykbadstove som ubroten tradisjon heilt opp til i dag, sjølv om det dei siste tiåra har vore meir spreidd og tilfeldig bading enn det det var tidlegare.

Badstova er tradisjonelt ein lafta tømmerbygning, som tradisjonelt blir plassert på tilstrekkeleg avstand frå resten av husa på garden for å redusera risikoen for at brann i badstova spreier seg til resten av garden.

Badstoveomnen er ein sjølvberande konstruksjon bygd opp av store steinar, med kvelvt eller flatt tak over holrommet inni omnen. På toppen av omnen blir det lagt mengder av små runde steinar. Når omnen blir fyrt går varmen og eldtungene opp imellom steinane i taket og sidene og varmar desse nær sagt frå alle sider. Det er raskare å gjennomvarme mange små steinar enn få store. Under badinga blir denne oppmagasinerte varmen frigjord i form av heit vassdamp når ein tømmer vatn på steinane på toppen av omnen.

Rie endre
 
Rie sett opp ved Skansen.

Ordet «rie» kjem av det finske namnet på hustypen: riihi. Ria er tørkehuset for svedje-rugen til finnane. Her stod rugbanda til tørk på stenger i rommet, eller dei stod på eit glissent «golv» mellom to etasjar i huset. På Finnskogen i Solør og Värmland har ria vore av eittromstypen; eit enkelt rom med røykomn i hjørnet innanfor døra i gavlveggen. Ria har vore kvadratisk med noko større grunnflate og med større høgd enn badstova. Ofte var dei bygd som einslege hus på svedjer som låg langt frå garden. Seinare kunne slike rier og den forlatne svedja der det voks gras bli utgangspunkt for busetjing og åkerdyrking. Namn som Rya, Svullrya, Riberget, Samuelsmorya og andre, kan visa til kvar det har stått rier. Det verker som om rier på Finnskogen er vorte brukt som tørkehus berre for utreska rug, og derfor berre i samanheng med svedjebruket, og at hustypen derfor forsvann nokså raskt etter at svedjebruket tok slutt. I tillegg til tørking kunne byrninga brukast til tresking med sliul.

Skogfinnar i dag endre

Skogfinnane er i dag assimilerte i det større norske og svenske samfunnet, og språket er utdøytt. Dei siste kjende skogfinnane i Sverige som prata finsk flytande, var Johannes Johansson-Oinoinen (Nitahå-Jussi), daud i 1965,[9] og Karl Persson, daud i 1969. Alma Gustavsson frå Värmland, var fødd i 1896, og levde til innpå 1980-tallet.

Den skogfinske kulturen lever framleis i Noreg og Sverige. På norsk side er ein fjerdedel av stadnamna i Grue kommune av finsk opphav.[10] Her feirar dei ogso Finnskogdagane, der dei skipar Republikken Finnskogen kvart år, med eige flagg, president og regjering.[11] Forfattaren Åsta Holth var ei drivkraft bak denne feiringa.[12] Ho står også bak dagens Finnskogsbunad.[13][14]

Skogfinnane vart i 1998 vedtekne som ein av dei nasjonale minoritetane i Noreg (attmed kvener, romanifolk, rom og jødar).[15] Skogfinnane fekk sitt offisielle flagg i samarbeid av skogfinske organisasjonar i Noreg og Sverige, som vart offentleggjort 29. desember 2022.[16]

Det er skipa kulturhistoriske museum, i Noreg Norsk Skogfinsk Museum på Finnskogen, som tek vare på bygningar, gjenstandar og anna materiale som kan kaste ljos over livsvilkåra til skogfinnane og innvandringssoga deira, og gje grunnlag for forsking. Det vart vedteke finansiering til eit større skogfinsk museum i 2023.

Litteratur endre

 
Fremmed Blod av Marte Hallem.
Sakprosa
  • Maud Wedin: Det skogfinska kulturarvet. Utgitt av Finnsam i samarbeid med Finnbygdens förlag. Falun (2001)
  • Berit Sagen Ramsfjell: «Finneinnvandringen». Asker og Bærum historielags årbok nr. 46 (2006)
  • Olav Tveter: Rugfinnene i Hurdal. Romerike historielags årbok VII (1970)
  • Tuula Eskeland : Fra Diggasborrå til Diggasbekken, finske stedsnavn på de norske Finnskogene. Universitetet i Oslo (1994)
  • Olaf Lindtorp: Fra Finnskogene i Solør og Vermland. Beretninger og folkeminne fra grensebygdene. Kongsvinger, 1943-54. Tre bind.
  • Erik Opsahl og Harald Winge: Finnemanntallet for 1686. Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, Oslo (1990)
  • Albrekt Segerstedt: Segerstedts samling : skogsfinnarna i Skandinavien : en kommenterad och illustrerad källutgåva. Manus fra 1890 utgitt med kommentarer av Arne Vannevik og Maud Wedin. Falun, FINNSAM och Finnbygdens Förlag, 2006. ISBN 9188644103
  • Kari Tarkiainen: «Svedjefinnarnas bosättningsperiod i mellansvenska skogar». I: Finnarnas historia i Sverige. Band 1: Inflyttarna från Finland under det gemensamma rikets tid. Helsingfors: Finska historiska samfundet (1990).
  • Per Martin Tvengsberg. Svedjebruk. Grue Finnskog: Norsk Skogfinsk Museum. ISBN 978-82-93036-00-5. 
  • Kristian Østberg. Finnskogene i Norge. Grue: [Solør-Odal historielag]. ISBN 8271040340. . Først utgitt i Norsk geografisk tidsskrift 1931-39
  • Trygve Christensen. Skogfinner og finnskoger. Eget forlag. ISBN 9788299291637. 
  • Marte Hallem. Fremmed blod. Verdal: Scene midt. ISBN 9788269253108. 
Skjønnlitteratur

Kjelder endre

  1. «Skogfinske Interesser i Norge - Skogfinner», skogfinner.no, henta 10. august 2023 
  2. 2,0 2,1 Auramo Paaer, Sanna (4. oktober 2022). «Vilka är skogsfinnarna och varifrån kom de?». Uutiset (på svensk) (Sveriges Television). Henta 14. januar 2023. 
  3. «Skogfinske Interesser i Norge - Svedjing», skogfinner.no, henta 10. august 2023 
  4. Tvengsberg, Per Martin, 2010 Svedjebruk, Norsk Skogfinsk Museum ISBN 978-82-93036-00-5
  5. Hämäläinen Albert, kuvaaja. «heinänkorjuumiehet». www.finna.fi. Henta 1. januar 2020. 
  6. New Sweden in America. Redigert av Carol E. Hoffecker (m.fl) University of Delaware Press, 1995. side 346. «The Finnish settlers in Delaware were an extention of the expansion of the burn-beating settlers, first to the unpopulated areas of central Finland, then the hilly forrest of western central Sweden, and finally to the fertile Delaware River valley.»
  7. Nesholen, Birger: «Byggeskikken på Finnskogen : - unik i både norsk og nordisk perspektiv». (utdrag av) kapittel i boken «Livet på Finnskogen» ISBN 82-91208-01-8 Norsk Skogfinsk Museum; Byggeskikk Arkivert 16. januar 2014 på Wayback Machine., 23.08.2013
  8. Nesholen, Birger: «Byggeskikken på Finnskogen : - unik i både norsk og nordisk perspektiv» (s. 165–178) i boken Livet på Finnskogen (red. Sven R. Gjems m.fl) Utgitt av Finnetunet, 1992. ISBN 82-91208-01-8
  9. Gravsteinen til Nitahå-Jussi
  10. East Norway and its Frontier – by Frank Noel Stagg, George Allen & Unwin, Ltd. 1956.
  11. Ostlendingen.no Republikkens flagg vaier igjen. 12. juli 2008 (vitja 4. januar 2015)
  12. Finsk.no «Forfatteren Åsta Holth (av slekten Lehmoinen) utviklet i protest republikken Finnskogen for snart 40 år siden, med et eget langsmalt svart og grønt korsflagg, egen regjering og egen bonad.» Jorma Inki, fhv Finsk ambassadør i Oslo
  13. Åsta Holth Piga. Selvbiografi, Oslo 1979 side 144-45 «Eg har ikkje dikta noen bunad, eg har leita opp den som har vori,.» ... «fotografier av Nils Keyland» ... ««Spising av nävgröt och flesk» hette fotoet»
  14. Fotografi av Nils Keyland. :Spisning av nävgröt och stekt fläsk i en värmländsk-finsk rökstuga. Grötbitarna doppas i fläskpannan, och för varje munsbit gröt bites ett stycke av fläsket, som hålles i andra handen. Bakom pannan står grötkoppen och längst bak på bordet ett svarvat träfat med mjölk att njuta till efterrätt. Digitalmuseum.se.
  15. «skogfinner – Store norske leksikon». Store norske leksikon. Henta 27. april 2016. 
  16. NRK (29. desember 2022), «Skogfinner har nå fått eget flagg», NRK (på norsk bokmål), henta 10. august 2023 

Bakgrunnsstoff endre