Norton Buffalo
Phillip Jackson (28. september 1951–30. oktober 2009)[1][2] mest kjend som Norton Buffalo, var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, country- og bluesmunnspelspelar, plateprodusent, bandleiar og plateartist.
Norton Buffalo | |||
Fødd | 28. september 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oakland i California i USA | ||
Død | 30. oktober 2009 (58 år) | ||
Dødsstad | Paradise i California i USA | ||
Fødenamn | Phillip Jackson | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1976–2009 | ||
Sjanger | Rock, bluesrock, psykedelisk rock | ||
Instrument | Vokal, munnspel, trombone, klaverinstrument, gitar, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Steve Miller Band | ||
Plateselskap | Capitol, Blind Pig Records | ||
Verka som | Musikar, songar–låtskrivar, artist, skodespelar, plateprodusent |
Tidleg i 1970-åra spelte han i grupper i San Francisco-området som Clover, The Moonlighters leia av Bill Kirchen og Elvin Bishop.
Tidleg i 1976 spelte Buffalo med Commander Cody and His Lost Planet Airmen, og deltok på det siste konsertalbumet deira, We've Got a Live One Here!,[3] Seinare i 1976 drog han på turné med Steve Miller Band.
Seint i 1970-åra skipa Buffalo sitt eige band, The Stampede, og spelte inn to album: Lovin' in the Valley of the Moon og Desert Horizon. I 1977 spelte han munnspel på Bonnie Raitt-albumet Sweet Forgiveness og The Doobie Brothers sitt Livin' on the Fault Line. I 1981 produserte han eit album for Wheatfield. Han var medlem av Mickey Hart-bandet High Noon seint i 1970- og tidleg i 1980-åra.
Diskografi
endre- Lovin' in the Valley of the Moon (1977), Capitol Records
- Desert Horizon (1978), Capitol
- R & B (1991), Blind Pig Records – med slidegitaristen Roy Rogers
- Travellin’ Tracks (1992), Blind Pig – med Roy Rogers
- Here Comes the Rain (1993), Rounder Records – gjesteartist med Laurie Lewis
- It's in the Air (1993), Summertone – gjesteartist med Merl Saunders & the Rainforest Band
- In the Third Degree (1996), Mirage Independent – gjesteartist med James Ibold and the Impostors
- King of the Highway (2000), Blind Pig
- Christmas Jug Band- Uncorked (2002)
- Roots of Our Nature (2003), Blind Big – med Roy Rogers
- The Spirit of Hawaiian Slack Key Guitar (2008), Daniel Ho Creations – med George Kahumoku Jr.
- From Paradise (2012), Moon Valley Music – med George Kahumoku jr.
Med Elvin Bishop
- Big Fun (Alligator, 1988)
Filmar
endre- Heaven's Gate (1979)
- The Rose (1979)
- Blood Beach (1980)
- Eddie Macon's Run (1983) komponerte musikk med Mike Hinton
- Stacy's Knights (1983) komponerte musikk med Mike Hinton
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Norton Buffalo» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Norton Buffalo Credits – ARTISTdirect Music». Artistdirect.com. Henta 2. oktober 2020.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 8. februar 2010. Henta 2. oktober 2020.
- ↑ We've Got a Live One Here, Commander Cody and His Lost Planet Airmenok, Amazon.com, 1976