Not the Same av Sheldon Riley

song frå 2022 med Sheldon Riley
«Not the Same»
Song av Sheldon Riley

Land Australia
Språk Engelsk
Utgjeve 15. februar 2022
Sjanger Pop
Lengd 02:58
Selskap Eige forlag
Tekstforfattar Sheldon Riley
Låtskrivar(ar) Sheldon Riley, Cam Nacson, Timi Temple

«Not the Same» (norsk omsetjing 'ikkje den same') er ein popsong frå 2022 som vert framført av den australske artisten Sheldon Riley. Songen vart gjeven ut 15. februar 2022 og var det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen

endre

Riley skreiv «Not the Same» saman med Cam Nacson og Timi Temple, og songen handlar om diskriminering og ekskludering.[1] Riley skreiv teksta til songen seint i 2015, og teksta omhandlar oppveksten til artisten – om då han vart diagnostisert med Asperger syndrom som seksåring, oppveksten i kommunal leilegheit og om det å «flytte heimafrå, utan å vite om den seksuelle legninga si i ein djupt religiøs familie».[1]

Hausten 2021 sende Riley inn songen til den australske kringkastaren Special Broadcasting Service (SBS). Songen vart plukka ut til å delta i songtevlinga Eurovision – Australia Decides, der vinnaren får representere Australia i Eurovision Song Contest. Under finalen laurdag 26. februar 2022 vann han tevlinga samanlagt, og «Not the Same» vart det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] I Eurovision Song Contest vart songen nummer to i den andre semifinalen og enda til slutt opp som nummer 15 av 25 i finalen.[3]

Etter den australske finalen debuterte «Not the Same» på tredjeplass på hitlisten til Australian Independent Label.[4]

Listeplasseringar

endre
Liste (2022) Høgaste
plassering
  Australia Digital Tracks (ARIA)[5] 23
  Australia Independent Label Singles (AIR)[6] 3
  Litauen (AGATA)[7] 47
  Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[8] 19

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Sheldon Riley heads to Eurovision with 'Not the Same'». OUTInPerth | LGBTQIA+ News and Culture. 26. februar 2022. Henta 9. mars 2022. 
  2. «Australia Decides on Sheldon Riley to represent the nation at Eurovision». ABC News (på engelsk). 26. februar 2022. Henta 9. mars 2022. 
  3. «Sheldon Riley - Australia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  4. «Independent Label Singles – 07 Mar 2022 - Australian Independent Record Labels Association» (på engelsk). Henta 9. mars 2022. 
  5. «The ARIA Report: Week Commencing 7 March 2022». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1670): 9. 7 March 2022. 
  6. «Singles Chart (Independent Labels) 7 March 2022». Australian Independent Record Labels Association. 7 March 2022. Henta 7 March 2022. 
  7. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20 May 2022. Henta 20 May 2022. 
  8. «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 20 May 2022.