Nougat
Nougat er ein konfekt- og godterimasse som er laga av rista, finhakka nøtter blanda med bruna sukker. Nøttene er vanlegvis mandlar, men ein kan òg bruka kjernar frå valnøtter, hasselnøtter, pistasjnøtter og anna. For å laga brun nougat er sukkerstoffet karamell, for å laga kvit nougat blandar ein nøttene i staden med smelta honning og eggekviter. Nougat kan òg lagast av rista nøtter, melis og sjokolade. Konsistensen varierer frå blaut til hard.
Ordet «nougat» kjem frå fransk nougat av gammalprovençalsk noga, som tyder 'nøtt'. Ordet er avleidd av det latinske nux.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nougat» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2021.