Novokuznetsk
Novokuznetsk (russisk Новокузне́цк) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 560 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 3000 km aust for Moskva.
Novokuznetsk Новокузне́цк | |||
---|---|---|---|
Kyrkje i Novokuznetsk | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kemerovo oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1618 1929 | ||
Borgarmeister | Sergej Martin | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
424 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
560 900 1 322,9 /km² | ||
Koordinatar | 53°45′N 87°7′E / 53.750°N 87.117°E | ||
Høgd over havet | 200 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
KRAT (UTC+7) KRAST (UTC+8) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 6540xx | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3843 | ||
Bilnummer | 42 | ||
Nettstad: www.admnkz.ru/ |
Han vart grunnlagd av kosakkar som ein utpost ved elva Tom og vart opphavleg kalla Kuznetsk (russisk Кузне́цк). Det var her Fjodor Dostojevskij gifta seg første gong med Maria Isajeva i 1857. Josef Stalin si raske industrialisering av Sovjetunionen forvandla den døsige byen til eit stort senter for kolgruvedrift i 1930-åra. I 1931–1932 vart namnet på byen endra til Novokuznetsk og i 1932–1961 hadde han namnet Stalinsk (russisk Ста́линск) etter Stalin.
19. mars 2007 oppstod ein massiv metaneksplosjon i Uljanovskaja-gruva ved Novokuznetsk, og over 100 arbeidarar mista livet. Gruva var det største kolgruva i Kemorovo oblast, og ligg i eit oljerikt område sør i sentrale område av Russland kjend som Kuzbass.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Novokuznetsk» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2008.