Novyj Urengoj
Novyj Urengoj (russisk skrift Но́вый Уренго́й) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar (2007). Byen ligg rundt 450 km aust for Salekhard. I folketeljinga i 2002 hadde han 94 456 og den store auken fram til 2007 skuldast at to nærliggande busetjingar vart slått saman med Novyj Urengoj i 2004.
Novyj Urengoj Новый Уренгой | |||||
---|---|---|---|---|---|
Ein plass i byen | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Jamalo-Nenetsk | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1973 1980 | ||||
Borgarmeister | Ivan Kostogris | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
222 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
117 000 527 /km² | ||||
Koordinatar | 66°05′00″N 76°41′00″E / 66.08333°N 76.68333°E | ||||
Høgd over havet | 40 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 629300–629329 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3494 | ||||
Nettstad: www.nevurengoy.ru |
Den største verksemda i byen er utvinning av olje og gass, med eit av dei største gassfelta i verda i området og gode utsikter til framtidige funn. Gassproduksjonen i området vert drive i regi av det statlege russiske gasselskapet Gazprom.
Byen er endepunkt for jernbanen Tjumen-Novyj Urengoj. Novyj Urengoj lufthamn ligg 4 km sørvest for byen.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad for Novyj Urengoj Arkivert 2015-11-17 ved Wayback Machine. (russisk)
- Byportal (russisk)
- Informasjon om Novyj Urengoj på nettstaden til regionen Jamalo-Nenetsk Arkivert 2008-05-17 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Livet i Novyj Urengoj under den sibirske vinteren Arkivert 2008-04-17 ved Wayback Machine. (tysk)