Nubafjella er ei fjellkjede i Kordofan, ein region i det sentrale Sudan. Fjella er mellom 500 og 1325 meter høge, og dekker eit område på rundt 6 200 km².

Nubafjella
Landbruk i Nubafjella.
Marknad.

Klima endre

Klimaet i fjella er tørt, men dei er fruktbare samanlikna med det kringliggande området. Det fell mellom 4 og 8 meter regn i året, slik at ein kan dyrka mat og la dyr beita. Regntida varer frå midten av mai til midten av oktober.

Det finst nesten ingen vegar i fjellet, så dei fleste landsbyane kan ein berre nå til fots på eldgamle stiar.

Folk endre

Innbyggjarane i Nubafjella høyrer til mange folkegrupper med ulik språk og kultur. Dei blir gjerne omtala som nubafolk, men dette namnet kan òg brukast om nubaýar, dei «svarte» eller urfolka i fjella. Folka lever om kvarandre, og det er ikkje uvanleg med giftarmål mellom folkegruppene.

Islam er hovudreligionen og arabisk det viktigaste språket, som blir brukt som lingua franca i området. Ein snakkar òg kordofanske språk.

I tillegg til nubaýar finst her òg arabiske folkegrupper, særleg baggaraýar, og andre folk som har kome frå det vestlege Sudan. Medan nubaýane tradisjonelt har dyrka jorda har baggaraýane vore vandrande kugjetarar, men i dag er også desse som regel bufaste.

Historie endre

Det historiske Taqaliriket låg i Nubafjella.

Frå midten av 1980-åra til underteikninga av ein våpenkvileavtale i januar 2002 var området hardt råka av borgarkrigen i Sudan. Ein utanlandsk observatørstyrke leia av Noreg vart send til området for å overvaka våpenkvila i 2002.

Bakgrunnsstoff endre