Sti eller stig (norrønt stígr, knytt til 'å stige') er ein smal veg, råk eller tråkk som kan brukast av fotgjengarar eller smale fargreier. Stiar kan dannast gjennom jamleg bruk ved at folk, fe eller ville dyr nyttar same leia gjennom terrenget over lang tid, eller ved at dei vert rydda, lagt til rette og merka opp spesielt for turbruk og anna. Stiar kan òg verte bygde som ordinære, smale vegar med grus- eller asfaltdekke til bruk som sykkelsti/sykkelveg og gangsti/gangveg langs køyrevegar og andre stader, som til dømes i parkar og liknande. Ulike typar sti er gangsti, sykkelsti, ridesti, geitesti og krøtersti. Den kjende turistvegen Trollstigen i Møre og Romsdal er ein «sti for troll» som er bygd som køyreveg for bilar, og såleis ingen sti (stig) i vanleg meining av ordet.

Sti på høgfjellet ved Geilo.
Merka turstiar i Nordmarka i Oslo

Merka turstiar i fjell og skog i Noreg endre

I Noreg held Den Norske Turistforening ved like rundt 20 000 km turstiar som er merka med raudmåla T-ar i terrenget og markert særskild på turkarta. Mange av desse blei opphavleg danna som seterstiar.[1] I skogar og utmark kring byar i Noreg, som til dømes i Oslomarka, er det ofte rydda og lagt til rette turstiar som er merka med ringar eller flekkar av blåmåling på tre, staur og stein med høvlege mellomrom, og sett opp skilt som syner staden stien gjeng til, og avstanden dit. Skiløyper kan vere merka på liknande vis med raudmåling på tre og staur. Slike stiar og løyper er likeeins markert særskild på turkarta.

Slepene endre

Slepene, som til dømes Nordmannsslepene over Hardangervidda, er særs breie og markerte stiar i terrenget. Slitasjen på terrenget var både eit resultat av at desse stiane vart mykje nytta, og av di mykje av varetransporten ikkje berre gjekk føre seg ved bruk av kløvhestar, men òg ved hjelp av såkalla slep. Slep var primitive «sleder» av to lange skjeker eller drag festa til hesten i eine enden, medan den andre enden, der det gjerne var ein naturleg bøyg eller «bug», subba langsetter marka og pressa saman eller rota opp jorda i ein viss mon. Draga var bundne saman av to tverrtre der lasta låg. Slepene har såleis fått namnet etter denne transportreiskapen, som i det lange løp sette så djupe spor etter seg at spora framleis er å sjå i høveleg ljos, dersom dei ikkje er øydelagde av seinare bruk at motorkøyretøy. Nemninga nordmann i namnet på slepene over Hardangervidda har å gjere med at heile landsdelen frå Lista og nordetter vart kalla Nordlandet i gamal tid. Altså var det folk «nordfrå» (vestfrå), «nordmenn», som nytta desse slepene for å handle med «austmennene»[2].

Kjelder endre

  1. Fjelstad, Sverre M. (1930-) (1999). På tur!. Schibsted. s. 8-9. ISBN 8251617553. 
  2. Om Nordmannsslepene, namnet på slepene og utforminga av transportreiskapen slepe, sjå Fønnebø, Reidar,1990, Langs Nordmannsslepene over Hardangervidda, Universitetsforlaget, (sidene 13-16 når det gjeld namnet på slepene og utforminga av transportreiskapen, som var ein vanleg transportreiskap over store delar av verda i gamal tid) ISBN 82-00-18431-5

Sjå òg endre