Nygård kyrkje
Nygård kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1972 som ligg på Nygård på ytre Laksevåg i Bergen.
Nygård kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Bergen domprosti | ||
Sokn | Nygård | ||
Stad | Nygård på Laksevåg | ||
Type | Arbeidskyrkje | ||
Arkitekt | Alvsaker & Vaardal-Lunde | ||
Material | Mur | ||
Innvigd | 8. oktober 1972 | ||
Stopul | Frittståande, åpen klokkestøpul sørvest for kyrkja | ||
Klokker | 2 klokker frå O. Olsen & Søns klokkestøperi, Nauen, Tønsberg, 1972 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Firesida, lukka, mura opp av upussa tegl | ||
Døypefont | I betong | ||
Altartavle | Per Odd Aarrestad (2013) | ||
Orgel | Vestres orgel- og pianofabrikk, Haramsøy, 1972 | ||
Sitjeplassar | 470 | ||
Nygård kyrkje 60°23′14″N 5°16′28″E / 60.3873°N 5.2745°E |
Ein tok opp planen om å byggja ei kyrkje på Nygård rett etter andre verdskrigen tok slutt. Det vart utarbeidd planar til ei ny kyrkje i 1954, men økonomiske grunnar førte til at det ikkje vart noko av planane den gongen.
Gravplassen for Laksevåg kyrkje låg på Nygård, og det vart behov for å byggja større gravkapell der. I 1962 blei det semje for å løysa kyrkjespørsmålet og kapellspørsmålet under eitt og byggja ny kyrkje. Grunnsteinen til den nye kyrkja vart lagt ned 29. november 1970, og Nygård kyrkje vart innvigd den 8. oktober to år seinare. Nygård vart eige sokn frå og med 1. januar 1973.
Kyrkja er bygd i mur. Taket over kyrkjerommet er forma som ein sekskanta, skeiv pyramide med toppunkt over alteret.
Kyrkja fekk nytt inventar i 2013.[1]
Fotnotar
endreKjelder
endre- Lidén, Hans-Emil: Nygård kirke. Henta frå Norgeskirker.no, 01.10.14.
- «Nygård kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
endre- Nygård kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren