Nygårdsbroen
Nygårdsbroen er namnet på fleire bruer over Strømmen i Puddefjorden i Bergen, frå Nygårdstangen til Danmarksplass. Den eldste brua der stod ferdig i 1851, og knytte saman Bergen og Årstad. Brua hadde til å byrje med bomavgift både for køyrande og gåande. Bruene utgjer i dag hovudtraseen sørover frå Bergen sentrum. Strømmen er i dag sett som skiljet mellom Store Lungegårdsvannet og resten av Puddefjorden.
![]() | |
Type | vegbru |
---|---|
Stad | Bergen i Noreg |
Opna | 1851 (gamle), 1978 (nye), 2008 (nye II) |
Transporterer | Biltrafikk, Bybanen i Bergen |
![]() Nygårdsbroene |

Bruanlegget har vorte forandra ei rekkje gonger, og ei heilt ny bru, «Nye Nygårdsbro» stod ferdig i 1978. Denne var mykje lengre enn den gamle, og går høgare opp og i ein litt annan vinkel. Dermed vart det to bruer, Gamle og Nye Nygårdsbro. I samband med bygginga av Bybanen i Bergen vart det bygd ei tredje bru, «Nye Nygårdsbro II», som opna i november 2008. Bybanen går over den eldste brua, og har eit stopp (Florida) like nord for bruene.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Nygårdsbroen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2010.