Danmarksplass eller Danmarks plass er ein plass rett sør for Bergen sentrum, i eit område mellom Kronstad og Løvstakksiden. Plassen heitte før «Kronstad torv», men fekk sitt noverande namn til ære for hjelpeinnsaten frå Danmark under den andre verdskrigen.

Lufta over Danmarksplass og områda ikring er svært ureina om vinteren.
Danmarksplass i gamle dagar, då Bergen hadde trikkar i gatene. Ukjend dato.

Over Danmarksplass går i sør-nordretninga den sterkt tafikkerte riksvegen E39, som både er hovudinnfartsåra sørfra til sentrum av Bergen og hovudvegen vidare utanom sentrum, gjennom Fløyfjellstunnelen, til dei nordre bydelane og vidare nordover Vestlandet. På plassen kryssar E-69 dessutan hovudvegane til bydelane Årstad og Laksevåg, så Danmarksplass kan sjå ut som berre eit stort vegkryss. Under ugunstige vêrtilhøve om vinteren er luftforureininga sers stor i dette området.

Bybanen i Bergen går òg over Danmarksplass, med haldeplassen Danmarksplass. Ved sida av stasjonen ligg Kronstad distriktspsykiatriske senter. To andre viktige bygg på Danmarksplass er Forum kino og Krohnsminde stadion.

BakgrunnsstoffEndra