Nyttårsaftan (òg nyårsaftan, nyttårseftan eller nyårseftan) er feiringa av den siste kvelden i året i den gregorianske kalenderen, den 31. desember. Feiringa blir i dag markert over heile verda, typisk med fyrverkeri og festlege lag. Dagen etter nyttårsaftan, den 1. januar, er nyårsdagen.

Fyrverkerioppskyting i Sydney.

I norsk katolsk tradisjon er denne dagen kalla Sylvesteraften eller Sylfestkvelden.

Historisk endre

Tradisjonelt var nyttårsaftan del av den norske julefeiringa. Dagen var markert på primstaven med eit hjul eller eit timeglas. Denne kvelden var trollskap ute, og ein skaut over husa for å halda det vekke.

Europeisk namnetradisjon endre

I Europa nyttar ein ulike namn på årets siste kveld. Namna kan omsettast til norsk med m.a. nyttårsaften, den gamle natt eller Silvester.

Mannsnamnet Silvester (norsk: frå skogane, av latinsk silva, (skog)) blir nytta i ei rekke europeiske språkområde som namn på årets siste dag. Opphavet til namnet går tilbake til 1582 då den gregorianske kalenderen vart lagt om slik at årets siste dag vart flytt frå 24. desember til 31. desember. Denne dagen var identisk med dødsdagen til pave Sylvester I i 335. Den liturgiske kalender syner frå 813 denne dagen som hans namnedag.

Offisiell markering endre

Nyttårsaftan er offisiell fridag i nokre land, mellom anna Australia, Argentina, Brasil, Frankrike, Mexico, Filippinane og Venezuela.

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.