Nytt i Uka er ei fulldistribuert avis (gratisavis) for husstandane i Ålesund og nabokommunane Hareid, Sula, Sykkylven, Giske, Skodje, Haram, Ørskog, Stordal og det meste av Vestnes. Ein distribuerer òg avisa til poststadene Tomrefjord, Vestnes[1] og Liabygda. Avisa kjem ut kvar onsdag i eit opplag på 40 000 eksemplar, og er dermed den avisa som har størst opplag per utgåve mellom Bergen og Trondheim.

Eigarselskapet Media Vest AS vart skipa av fem av dei tilsette etter konkursen i Sunnmøre Arbeideravis i august 1985, og Nytt i Uka var på gata berre ei veke etter konkursen. Eigarskapen ligg i dag i hovudsak hos tre av dei tilsette, som til saman har omkring 86 prosent av aksjekapitalen.

Nytt i Uka har kome ut jamt sidan 1985, og er dermed ei av dei aller eldste gratisavisene i Noreg. Omsetjinga i 2009 var ca. 15,7 millionar kroner. Avisa har 12–13 tilsette.

Media Vest AS og Nytt i Uka er mellom dei åtte prosent av verksemdene i Noreg som har den høgaste kredittvurderinga, AAA-rating, hos Dun & Bradstreet.

Media Vest AS driv òg Nytt i Ukas forlag som ein integrert, men liten del av verksemda. Per 2010 har forlaget gjeve ut 16 titlar, i all hovudsak av lokalhistorisk og -kulturell art.

Den daglege leiaren i Media Vest AS er Berit Fugelsø Nilssen, medan Øyvind Johan Heggstad er redaktør i Nytt i Uka.

Kjelder endre

  1. «Om Nytt i Uka - NyttiUka», www.nyttiuka.no, arkivert frå originalen 9. september 2019, henta 9. april 2019 

Bakgrunnsstoff endre