Å Jesus, for din altarfot

(Omdirigert frå O Jesus for din alterfot)

Dit minne, Jesus, det skal stå
Ugløymt i hug og tankar
Med brød av åker er å få
Og druvor gror på rankar.
Der heilagt brød dei bryt for oss,
Dei skal forkynne Kristi kross
For gamle folk og unge,
Til du i skyi herleg kjem
Og tek oss til Jerusalem,
Du vår høglova konge!

Frå Nynorsk salmebok nr 549

«Å Jesus, for din altarfot» er, slik salmen står i Nynorsk salmebok, Bernt Støylen si omsetjing av eit utval vers frå ein av Petter Dass sine katekismesongar: «Alterens Sacramente - Den første sang: Om Brødet og dets Indstiftelses Oord, saa liudende: I den Nat, da vor HERRE JESUS Christus blev forraad, toog hand Brødet, etc». Originalen vart framlagt for sensuren i 1698 og trykt første gong i 1714.

Petter Dass-salmen er skriven til ein del av katekisma. Originalen har 34 vers. M.B. Landstad valde ut vers 1, 26, 21, 32, 33 og 34 da han gjendikta salmen og tok han med i si Kirkesalmebog, der han vart trykt blant nattverdsalmane, på nr 58. Bernt Støylen tok utgangspunkt i vers 1, 26, 33 og 34 da han omsette salmen til nynorsk, og denne versjonen vart trykt på nr 549 i Nynorsk salmebok.

I Norsk salmebok er salmen trykt på nr 639, i bokmålsversjon, og det er vers 1, 26, 21, 33 og 34 hos Petter Dass som ligg til grunn for gjendiktinga.

Meloditilvisinga hos Petter Dass er «Siungis som: Den signede Dag er os beteed, etc». I Nynorsk salmebok er det vist til salmen «Sjå der Guds Lamb (Her ser jeg da et lam)» eller «Du loge av Guds kjærleiks eld (O lue fra Guds kjeærlighet)». I norske folkesong vert han ofte songen på variantar av I denne søte juletid. I Norsk salmebok er han trykt til ein melodi skriven av Wolfgang Dachstein, Strassburg 1525, ein melodi som opphavleg har høyrd til salmen «Ein Wasserflüssen Babylon».

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre