I denne søte Joletid

(Omdirigert frå I denne søte juletid)

«I denne søte Joletid
Me maa vel sæle vera
Og bruka all vaar Kunst og Id
Guds Naade høgt aa æra.
Ved den, som er i Krubba lagt
Me vil av all vaar Raad og Magt
I Hjartat søtt oss hugga.
Din Pris skal ljoda, Frelsarmann!
So vidt og breidt um Land og Strand,
At Jordi reint skal rugga.»

Elias Blix i Nokre Salmar 4. utg. (1891)

I denne søte Joletid (originaltittel I denne søde Jule-Tiid) er ein opphavleg dansk julesong skriven av H.A. Brorson i 1732.

Brorson er i Danmark rekna som «julens salmedigter», og denne salmen er av mange rekna som den fremste av salmane hans.

I salmebøkene

endre

Songen var med i den fyrste salmesamlinga Brorson gav ut, Nogle Jule-Psalmer (Gud til Ære og Christne-Siæle, i sær sin elskelige Meenighed til Opmuntring Til den forestaaende Glædelige Jule-Fest Eenfoldig og i Hast sammenskrevne av H.A.B.) (1732). Fyrsteutgåva hadde seks vers. Til samlinga Troens rare Klenodie (1739) vart det skrive eit sjuande vers til salmen.

Denne julesongen var med sju vers med i Guldbergs salmebok, og han har sidan vore med i alle autoriserte hovudsalmebøker i Den norske kyrkja, bortsett frå Evangelisk-christelig Psalmebog. Elias Blix omsette salmen til nynorsk til andre heftet av Nokre Salmar, som kom ut i 1870. Teksten vart noko endra i seinare utgåver.

I Norsk Salmebok er salmen trykt med seks vers i bokmålsomsetjng; her r det femte verset til Brorson utelate. Førstelina lyder her «I denne glade juletid».

Teksten

endre

Teksten er skriven over Luk. 2,14:«Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje!»[1] Med utgangspunkt i den pietistiske kristendommen Brorson forkynte, handlar songen om kvifor og korleis vi feirar at Jesus er fødd.

«Me syngja um den sæle Fred,
So Helvite skal skjelva ved
Aa høyra Jolesongen.»

Medan Her kjem me, dine arme små er ein salme vor barna, er dette ein salme for dei vaksne. Han rettar seg mest mot dei som har røynd livet:

«Um Sukk seg blandar i min Song,
Og Graat vil Syni blinda,
So skal daa Krossen med sin Trong
Meg aldri Munnen binda.
Naar eg som kjøvd av Sorger gjeng,
Daa stillest best min Harpestreng
Til rette Jolesalmar.»

Dette verset kan ein forstå ut frå Brorsons eigen livssituasjon: Salmen er skriven det året mor hans døydde, og på same tid vart den eldste sonen hans sinnsjuk. Men sjølv om salmen har dette alvorlege verset, framstår han som ein festtsalme.

«Halleluja! vaar Strid er slut.
Kven er her no, som klagar?
Kven vilde ganga bøygd av Sut
I desse sæle Dagar!»

Melodien

endre
 
Salmen til ein forenkla melodi, notert i siffernoteskrift etter J.A. Lindeman 1835

Brorson oppgjev som melodireferanse den kjende julesongen Et lidet barn så lystelig, ein tone med opphav i mellomalderen. Tonen finst i mange variantar i norske folketonar, i 3/4-, 4/4-, 5/4- eller 6/4-takt.

I Norsk Salmebok står salmen til ein noko omarbeidd melodivariant frå Wittenberg (1529).

Inspelingar (i utval)

endre
  • Ragnvald Ilen med strykekvintett. Innspelt i oktober 1932. Utgjeven på 78-plata Parlophon[2] B 41156[3]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Luk. 2.14
  2. Det heitte Parlophon på den tida
  3. Ragnvald Ilen med strykekvintett:I denne søte juletid (Parlophon B 41156, 78-plate)

Bakgrunnsstoff:

endre