Obbukta er ei stor bukt i Nordishavet i Russland. Elva Ob munnar ut i botn av bukta.

Obbukta
О́бская губа́, Obskaja guba
bukt
Land  Russland
Del av Karahavet
Kart
Obbukta
68°49′0″ N 73°30′0″ E
Wikimedia Commons: Gulf of Ob

Bukta munnar ut i Karahavet som er ein del av Nordishavet. Bukta er om lag 1000 km lang og mellom 50 til 80 km brei. Ho går hovudsakleg frå nord til sør og er relativt grunn med eit gjennomsnittleg djup på 10-12 meter. Tazestuaret er ei bukt på austsida av Obbukta danna av elva Taz.

Øyar endre

Det er fleire øyar nær munningen av Ob inst i estuaret, som Khalej. Alle desse øyane ligg nær kysten og er hovudsakleg flate og låge. Dei er verna under Ramsarkonvensjonen. Lenger nord, bortsett frå eit par øyar nær kysten som Khaljevigo og Njavigo, er Obbukta stort sett fri for øyar før ho når Karahavet.

Økonomi endre

Det er oppdaga store førekomstar av gass og olje i regionen. Olje og gass frå brønnane vert sendt sørover via røyrleidningar og jernbanetransport. Jamburg gassfelt vart i 2001 rekna som det største i verda og ligg mellom den sørlege delen av bukta og Tazestuaret i aust.

Kjelder endre

Koordinatar: 68°50′N 73°30′E