Taz (russisk Таз) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Jamalo-Nenetsk i Russland. Elva er 1401 km lang og har eit nedslagsfelt på 150 000 km².

Taz
elv
Taz munnar ut i Tazbukta, merkt med raudt på kartet.
Land  Russland
Nedslagsfelt 150 000 km²
Lengd 1 401 km
Munning Tazbukta
Kart
Taz
67°34′00″N 78°51′00″E / 67.5667°N 78.85°E / 67.5667; 78.85
Wikimedia Commons: Taz River

Taz munnar ut i Tazbukta, eit om lat 250 km lang estuar som startar nær byen Tazovskij og munnar ut i Obbukta. Dei største sideelvane hennar er Bolsjaja Sjirta og Khudosej frå høgre, og Tolka og Tsjaselka frå venstre.

Estuaret og den nedre delen av elva ligg i Jamalo-Nenetsk, medan den øvre delen renn gjennom Kranojarsk kraj.

Kjelder endre