Odd Reidar Solem (fødd 7. juli 1949) er ein norsk journalist. Han var med i det fyrste kullet ved medielina ved Høgskulen i Volda i 1973. Han arbeidde nokre år i avis før han vart tilsett i NRK i 1977. Frå 1989 var han redaktør i Romsdals Budstikke i Molde, før han byrja i TV2 i 1993. Han fekk i 2008 Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Odd Reidar Solem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1949 (75 år)
Yrke journalist, redaktør
Prisar Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Kjelder endre