Odem (hebraisk אֹדֶם eller אודם) er ei israelsk busetjing, ein moshav shitufi, som ligg nord i Golanhøgdene. Han ligg i Har Odem, i ei høgd på 1090 meter over havet, og er den nest høgastliggande busetjinga i israelskokkuperte territorium. Han er omgjeve av Odemskogen. Odem tyder rubin og syner til raudfargen på berget i fjellet her. Fjellet er ein utdøydd vulkan. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]

Odem
by
Land  Syria
Koordinatar 33°11′40″N 35°44′54″E / 33.19444°N 35.74833°E / 33.19444; 35.74833
Folketal 155 (2019)[1]
Kart
Odem
33°11′40″N 35°44′54″E / 33.194444444444°N 35.748333333333°E / 33.194444444444; 35.748333333333
Wikimedia Commons: Odem

Dei israelske styresmaktene godkjende grunnlegginga av busetjinga i 1975, og ei gruppe ungdomar slo seg ned i den fråflytta syriske militærbasen. Dei fleste av dei første nybyggjarane flyttar der frå, hovudsakleg på grunn av låge temperaturar og kraftig vind. Dei som var att tok i mot ei ny gruppe i 1981 og den noverande busetjinga vart grunnlagd. Folkesetnaden var kring 150 i 1993, kring ein tredjedel av dei var barn. Odem vert styrt av Golan regionale kommune.

Hovudnæringa er ein fabrikk som produserer plastikk for møblar og ein optikkfabrikk som produserer vernelenser og briller. Odem Mountain Winery ligg òg her.

Sjå òg endre

Kjelder endre