Oersted eller Ørsted (forkorta Oe) er ei gammal eining for magnetfelt (òg kjend som magnetfeltstyrke eller intensitet) i CGS-systemet for einingar. Han er definert som 1000/4π (≈79.5774715) ampere per meter fluksbane i SI-systemet.[1][2][3][4][5] Oersted er nært knytt til eininga gauss, CGS-eininga for magnetisk induksjon eller magnetfelt. I vakuum er 1 G = 1 Oe, medan forholdet i eit medium med permeabilitet vert G = Oe. Ein oersted er òg lik ei magnetomotorisk kraft (mmf) på 1 gilbert per centimeter fluksbane.

Eininga vart oppretta av IEC i 1930[6] til ære for Hans Christian Ørsted, som oppdaga elektromagnetismen i 1820. Frå Standard Handbook of Electrical Engineers; «Han er ein magnetisk storleiksvektor til eit punkt i eit magnetfelt som måler emna elektriske straumar eller magnetiske lekamar har til å produsere magnetisk induksjon i eit visst punkt»

  • I SI-systemet er 1 gilbert = 10/4π ampereviklingar = om lag 0,7958 amperevikling.
  • Den lagra energien i ein magnet, kalla magnetyteemne, eller «magnetisk energiprodukt», er typisk målt i eininga megagauss-oersted (MGOe). Eininga MGOe er lik megajoule per kubikkmeter.

Sjå òg endre

Kjelder endre