Oftalmoskopi

(Omdirigert frå Oftalmoskop)

Oftalmoskopi eller fundoskopi er ein medisinsk test der ei lyskjelde vert send gjennom auga for å avdekke eventuell patologi. Instrumentet som vert brukt til denne undersøkinga vert kalla eit oftalmoskop eller ein augespegel. Det er eit viktig hjelpemiddel ved undersøkinga av netthinna (lat. retina), glaslekamen (corpus vitreum) og linsa (lens crystallina) i auga. I oftalmoskopet kan lysstyrken og forma på lysstrålen varierast, og det kan setjast inn ulike fargefilter for at ein lettare skal kunna vurdera spesielle tilstandar i auga.

Oftalmoskop (til venstre) og otoskop til høgre)

Instrumentet vert ofte levert saman med eit otoskop, eit instrument for undersøking av øyra, då desse to instrumenta kan nytta det same handtaket.

Dersom ein hjå pasientar finn hevelse (ødem) kring synsnerva, papilleødem, tyder dette på auka trykk inne i kraniet. Slikt kan koma av høgt blodtrykk, hydrocefalus, hjernesvulst, eller ei rekkje andre tilstandar. Ved glaukom (grøn stær) er innmunninga til synsnerva innoverkrumma, eller uthòla. Grå stær (katarakt) viser seg som mørke eller gråaktige flekker (fortettingar) ulike stader i augelinsa.

Hjå pasientar med diabetes mellitus er det tilrådd regelmessig oftalmoskopi (halvårleg, årleg eller annakvart år) for å sjå etter teikn til om sjukdomen har påverka netthinna (diabetisk retinopati). Skade av synet ved denne tilstanden kan hindrast gjennom behandling med laser dersom den vert oppdaga i tide.

Ved høgt blodtrykk som har påverka blodårer i netthinna, kan desse synlege forandringane i årene i netthinna vera svært like forandringane i årene i hjernen og altså seia noko om tilstanden der (ateromatose, arteriosklerose, «åreforkalking»).

Oftalmoskopet vart oppfunne av Hermann von Helmholtz i 1851.