Oh, by the Way
Oh, by the Way Plateboks av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. desember 2007 | |
Innspelt | 1967–1994 | |
Sjanger | Progressiv rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 12:01:40 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie, Michael Kamen, Norman Smith, Pink Floyd, Roger Waters | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Echoes: The Best of Pink Floyd (2001) |
Oh, by the Way | Discovery (2011)
|
Oh, by the Way er ein plateboks av Pink Floyd[3] gjeve ut 10. desember 2007 av EMI Records i Storbritannia og dagen etter i USA på Capitol Records.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Pitchfork Media | (4.0/10)[2] |
Innhald
endrePlateboksen inneheld alle studioalbuma til Pink Floyd på ein skala som etterlikna dei originale vinylutgåvene.[5] I tillegg til albuma og ekstraspor, kom samlinga med ein spesialdesigna plakat av Storm Thorgerson, med 40 Pink Floyd-bilete.[6]
Design og omslag
endreTittelen er ein referanse til ei linje i songen «Have a Cigar»: «Oh by the way, which one's Pink?» Omslaget består av eit liknande konsept som framsida av Ummagumma—ei side av boksen syner eit bilete av eit rom med forskjellige objekt spreidde rundt, med bilete av Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright på veggane, medan den andre sida har det same rommet i eit anna lys, der objekta og bileta er omarrangerte. Ståande i bakgrunnen på begge sider av omslaget er ei mørk silhuett som symboliserer Syd Barrett.
Album
endreAlbuma i boksen er:
- The Piper at the Gates of Dawn - august 1967 (2007-ommaster)
- A Saucerful of Secrets - juni 1968 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1986-masteren)
- More - juni 1969 (1995-ommaster)
- Ummagumma - oktober 1969 (1994-ommaster)
- Atom Heart Mother - oktober 1970 (1994-ommaster)
- Meddle - oktober 1971 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1984-master)
- Obscured by Clouds - juni 1972 (1995-ommaster)
- The Dark Side of the Moon - mars 1973 (2003-ommaster)
- Wish You Were Here - september 1975 (1992-ommaster)
- Animals - januar 1977 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1986-masteren)
- The Wall - november 1979 (1994-ommaster)
- The Final Cut - mars 1983 (versjon med sporlista frå 2004) (2004-ommaster)
- A Momentary Lapse of Reason - september 1987 (1997-ommaster)
- The Division Bell - mars 1994 (not-ommastered)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oh, by the Way» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Allmusic review».
- ↑ «Pitchfork review».
- ↑ ««Oh By The Way»: Pink Floyd Celebrates 40th Anniversary». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 2. juli 2018. Henta 18. juli 2019.
- ↑ «Massive Pink Floyd Box Due In December». billboard.com.
- ↑ «Oh, by the Way Mini Replica». 11. desember 2007 – via Amazon.
- ↑ «Pitchfork: Pink Floyd Studio Catalogue Reissued in Box Set». pitchforkmedia.com. Arkivert frå originalen 2. november 2007. Henta 18. juli 2019.