Michael Arnold Kamen (15. april 194818. november 2003) var ein amerikansk komponist, orkesterarrangør, dirigent, låtskrivar og studiomusikar. Han er særleg knytt filmmusikk.

Michael Arnold Kamen
Fødd15. april 1948
FødestadNew York by
Død18. november 2003 (55 år)
DødsstadLondon
FødenamnMichael Arnold Kamen
OpphavUSA
Aktiv1976–2003
SjangerFilmmusikk
InstrumentObo
PlateselskapAtco Records
Verka somKomponist

Kamen vart fødd i New York i USA og studerte ved The New York High School of Music & Art, så The Juilliard School for Music Dance and Drama, der han lærde å spele obo. Han grunnla deretter New York Rock & Roll Ensemble på slutten av 1960-talet, som spelte klassisk rock liknande det Electric Light Orchestra kom til å framføre seinare. Kamen spelte obo og keyboard såvel som komponerte. Songen «Sing Lady Sing» som han skreiv, bytte namn og vart ein hit med Buddy Miles.

Arbeida hans med artistar er omfattande og inkluder blant anna David Gilmour og Roger Waters. Han er ein av få personar som har vorte invitert til å arbeide med begge Pink Floyd-medlemmane etter brotet deira. I 1990 vart han med fleire andre gjester på Roger Waters si massive førestilling av The Wall i Berlin.

Kamen skreiv elleve ballettar og skreiv filmmusikk for ein heil del filmar. Han var nominert for to Grammyprisar, to Golden Globeprisar og ein Emmypris. Han fekk BAFTA-prisen saman med Eric Clapton for beste originalmusikk etter serien Edge of Darkness som gjekk på BBC i 1985.

Kamen vart diagnostisert med multippel sklerose i 1997, men døydde av eit hjarteinfarkt. Det siste innspelte verket hans er på Kate Bush-albumet Aerial som kom ut november 2005.

Utval av artistar

endre

Utval av filmmusikk

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre