Ohad (hebraisk skrift אֹהַד eller אוהד) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. Han vart grunnlagd i 1969 av immigrantar frå forskjellige land. Han er kalla opp etter Ohad, den tredje sonen til Shim'om (Simeon), som er nemnd i Bibelen (Første Mosebok 46:10)[2] - medan nabolandsbyen Tzohar er oppkalla etter broren hans, som er nemnt i det same Bibelverset. I 2012 hadde han 372 innbyggjarar.[1]

Ohad
אֹהַד
landsby
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°14′13.19″N 34°25′55.92″E / 31.2369972°N 34.4322000°E / 31.2369972; 34.4322000
Folketal 372  (2012)[1]
Grunnlagd 1969
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Ohad i Israel
31°14′13″N 34°25′56″E / 31.236997222222°N 34.4322°E / 31.236997222222; 34.4322
Wikimedia Commons: Ohad

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 19. ISBN 965-7184-34-7.  (he)