Tzohar (hebraisk skrift צֹחַר) er ein fellesbusetnad og regionssenter sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 487 innbyggjarar.

Tzohar
צֹחַר, צוחר, Tzochar
landsby
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°14′8.16″N 34°25′34.67″E
Folketal 487  (2006)
Grunnlagd 1970
Kart
Tzohar
31°14′8″ N 34°25′35″ E
Wikimedia Commons: Tzohar

Busetnaden vart grunnlagd i 1970 som eit regionssenter for landsbyane i Hevel Eshkol. Han vart kalla opp etter ein son av Simon, nemnt i Første Mosebok 46:10[1] - medan nabolandsbyen Ohad vart kalla opp etter broren, som er nemnt i same verset. I 1990-åra tok han i mot mange immigrantar frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen. Mange av dei budde lenge i campingbilar og campingvogner.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre