Ohunka
Ohunka (lakota for 'usant',[1] fleirtal ohunkakan) er ei tradisjonell kveldsforteljing blant siouxfolk. Desse sogene har ofte mytologiske figurar som Iktomi eller Iya saman med menneske. Forteljaren viste evnene sine ved å kombinera ulike episodar og halda tilhøyrarane interesserte.[2] Nokre ohunka-forteljingar blei samla av Zitkala-Sa i boka Old Indian Legends.
Kjelder
endre- ↑ «Lakota Words Index». Lakota Writings. Arkivert frå originalen 14. august 2011. Henta 13. januar 2010.
- ↑ John Gneisenau Neihardt, Raymond J. DeMallie. The Sixth Grandfather: Black Elk's Teachings Given to John G. Neihardt, University of Nebraska Press, 1985, s. 395
- Denne artikkelen bygger på «Ohunka» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2022.