Okko Tapani Kamu (fødd 7. mars 1946 i Helsingfors) er ein finsk dirigent og fiolinist. Kamu tok til med fiolinstudiar ved Sibelius-akademiet då han var 6 år. Då han var 19 år gamal vart han tilsett som alternerande andrefiolinist i orkestret til den finske nasjonaloperaen og vart seinare konsertmeister (1966–68). Sjølv om Kamu var sjølvlært som dirigent vann han i 1969 den fyrste internationale Herbert von Karajan konkuransen i Berlin, noko som førte til engasjement hjå fleire av dei store orkestra i Europa, USA, Israel og Japan.

Okko Kamu

Okko Kamu og Eero Heinonen i 1987.
Fødd7. mars 1946 (78 år)
FødestadHelsingfors
FødenamnOkko Tapani Kamu
OpphavFinland
Aktiv1969–
Sjangerklassisk musikk
Instrumentfiolin
Verka somdirigent, konsertmester, fiolinist
FarVäinö Kamu
Gift medMarjatta Meritähti, Arja Nieminen
BornOna Kamu
PrisarPro Finlandia, storridder av Den islandske falkeorden

Kamu var sjefsdirigent for symfoniorkestret til finsk radio frå 1971 til 1977, dirigent og kunstnerisk leiar for Oslo-filharmonien frå 1975 til 1979, kunstnerisk leiar for Helsingfors stadsorkester 1981–1988 og sjefsdirigent for symfoniorkestret til nederlandsk radio i tidsbolken 1983–1986. Kamu har dirigert fleire uroppføringar, mellom anna verk av Aulis Sallinen.

Kjelder

endre