Sibelius-akademiet
Sibelius-akademiet, som no heiter Konstuniversitetets Sibelius-Akademi på svensk og Taideyliopiston Sibelius-Akatemia på finsk etter å ha gått inn i Konstuniversitetet i 2013, er den delen av Konstuniversitetet i Finland som tek for seg utdanning og forsking innanfor musikkfeltet. Akademiet har namn etter den finske komponisten Jean Sibelius, og har sitt hovudsete i Helsinki, men driv òg undervisning i Kuopio og Seinäjoki. Sibelius-Akademin er eit av dei største musikkakademia i Europa, og har ikring 1 500 studentar og meir enn 1 000 lærarar og andre medarbeidarar.
Akademiet har si bakgrunn i Helsingfors musikinstitut, som vart skipa i 1882 på privat initiativ av musikkpedagogen og komponisten Martin Wegelius[1]. Namnet på instituttet vart endra i 1924 til Helsingfors konservatorium, og i 1939 vart namnet Sibelius-Akademin. I 1980 vart det gjennomført ei administrasjonsreform som gjorde Sibelius-Akademin til statleg høgskule, og i 1998 vart akademiet eit universitet, som i 2013 vart ein del av Konstuniversitetet.
Det er ti ulike utdanningsprogram ved Sibelius-Akademin. Ein kan utdanne seg til musikkandidat og musikkmagister, og ein kan avleggje musiklicentiatexamen og musikdoktorsexamen (doktorgrad). Til liks med mange andre konservatorium kringom i verda, har Sibelius-Akademin òg eit juniorakademi for gåverike musikarar i skulealderen.
Avdelingar
endre- Avdelningen för folkmusik (folkemusikk)
- Avdelningen för jazzmusik (jazz)
- Avdelningen för komposition och musikteori (komposisjon og musikkteori)
- Avdelningen för kyrkomusik (kyrkjemusikk)
- Avdelningen för musikpedagogik
- Avdelningen för musikteknologi
- Avdelningen för orkesterinstrument
- Avdelningen för pianomusik
- Avdelningen för vokalmusik
- Avdelningen i Kuopio, eller «Kuopio-eininga» for kyrkjemusikk-utdanning og kunstforvaltning-utdanning.