Dere's an ol' man called de Mississippi
Dat's de ol' man dat I'd like to be
What does he care if de world's got troubles
What does he care if de land ain't free
«Ol' Man River»

«Ol' Man River» er ein song frå musikalen Show Boat (Teaterbåten) frå 1927. Musikken blei skriven av Jerome Kern og teksten av Oscar Hammerstein II. Han er den best kjende songen frå musikalen, og er spelt inn ei rekkje gonger. Songen blir framført av hamnearbeidaren Joe i musikalen. Han set opp den endelaust flytande Mississippi-elva mot det harde slitet til fattige afroamerikanar.

Songen blei framført av Paul Robeson i ei oppsetjing av Show Boat i London i 1928 og i filmatiseringa frå 1936. Andre utøvarar som har spelt han inn er mellom anna Bing Crosby, Frank Sinatra, Robert Merrill, Al Jolson, Sam Cooke, Screaming Jay Hawkins, Cilla Black, Django Reinhardt, Ray Charles, Cher, The Beach Boys og Aretha Franklin.

I nyare versjonar er teksten ofte noko endra. Særleg det kontroversielle ordet «nigger» blir som regel bytta ut med eit anna uttrykk, som «darkies», «colored folks» eller «here we all work».

Den indiske songaren Bhupen Hazarika, som møtte Paul Robeson då han studerte ved Columbia University, har laga tre omdikta versjonar av songen, på assameisk, bengali og hindi. På førstnemnde språk priser songen elva Brahmaputra og på dei to siste er han vigd Ganga.

Kjelder endre