Ola Graff

Ola Graff (fødd 8. oktober 1949) er ein norsk musikar, musikkpedagog og musikkforskar. Han var vokalist, fløytist og tangentinstrumentalist i Nordnorsk Visegruppe i Tromsø (1975–1980), og tok magistergrad i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo (1985). Han har lenge vore konservator for nordnorsk musikksamling ved Tromsø Museum.

Ola Graff
Fødd8. oktober 1949 (71 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar

Graff tok doktorgrad i etnomusikologi, med avhandlinga Joik på nordkysten av Finnmark. Undersøkelse over en utdødd joiketradisjon, ved Universitetet i Tromsø (mars 2002).

UtgjevingarEndra

  • Ola Graff, Marit Hauan, Hilde J.Hansen, Ta vare på minnene! Handbok i minneinnsamling, Kommuneforlaget (1990)
  • Samisk musikk. Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk, (1993)
  • Med Harald Gaski: Joik har større kraft enn krutt., bidrag i Nordnorsk Kulturhistorie II, (1994)
  • Om kjæresten min vil jeg joike, (2004). Om utdødd sjøsamisk joiketradisjon i Snefjordområdet i kystkommunen Måsøy i Finnmark. Basert på doktorgradsavhandlingen.

DiskografiEndra

Nordnorsk VisegruppeEndra

Deltek påEndra

  • Kolibri: La elva leve! (1980)
  • Sosialistisk Kor i Sør-Varanger: Vi vil tænde! (1980)
  • Getingarna: Lite mer av varje (1986)
  • Ragnar Olsen & Sverre Kjelsberg: Den glade pessimisten (1987)
  • Karoline Krüger: En gang i alles liv (1991)
  • Alta Motettkor: Morgen over Finnmarksvidda (1997)
  • Ultima Thule: A Cappella (1998)
  • Helgeland kammerkor: Folketoner fra Helgeland (2005)
  • Trygve Hoff: Kokfesk & Ballader (2008)
  • Ta-lik: Lyst heile natta – 15 nordlandspolser (2011)
  • Vokal Nord: Mannu (2012)
  • MAI/Universal Music: MAI 1973–1983 (2016)

KjelderEndra

LitteraturEndra