Opna hovudmenyen

Ola Jonsmoen (fødd 9. juli 1932 i Alvdal)[1] er ein norsk forfattar, lokalpolitikar og skolemann.

Ola Jonsmoen
Ola Jonsmoen.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 9. juli 1932 (87 år)
Alvdal
Yrke Lærar, rektor
Periode 1959-
Ektefelle Unni-Lise Jonsmoen
Debut Dagen, vinden og hjartet

Han har gjeve ut fleire diktsamlingar, novellesamlingar, barnebøker, skodespel, skjemtebøker og romanar, fleire av bøkene er illustrerte av kona Unni-Lise Jonsmoen.

Han har skrive skodespela Ei fjellbygd (etter Nicolai Ramm Østgaards roman), Dei urolege av hjarte og Bak lengste mil; dei to siste oppførte i Tylldalsspelet i Tylldal. Jonsmoen var i ei årrekkje rektor ved Holmen vg skole på Tynset. Han skriv på nynorsk.

Jonsmoen har representert Venstre i kommunestyret i Alvdal i to periodar frå 1963 til 1971. Han vart vald inn på ny i 1995 og i 1999. Frå 1999 til 2003 var han varaordførar. Han har vore ein framifrå talsmann spesielt i kulturspørsmål i kommunen, mellom anna som mangeårig medlem av Hovudutvalet for kultur og fritid, og av bygdeboknemnda. Han har også vore medlem av Norsk Språkråd, Norsk kulturråd, Norsk bibliotekråd og nestleiar i Statens seniorråd.

For sitt mangeårige virke i kommunens kulturliv fekk han og kona Unni-Lise Jonsmoen Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992.

Ola Jonsmoen fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2002.

VerklisteEndra

  • Dagen, vinden og hjartet– dikt (1959)
  • Singeling for rare ting– barnebok (1961)
  • Hume Brumle– barnedikt (1962)
  • Omvegar, dikt– (1967)
  • Timinan-Frikk og Peppar-Jon– barnebok (1968)
  • Godnatt alle snille– barnebok (1969)
  • Jonas ved Amasonas– barnedikt (1969)
  • I Blåfugl kro– noveller (1970)
  • Celle– dikt (1971)
  • Da vi fekk ein bror– barnebok (1971)
  • Luringar i sør og nord– barnebok (1971)
  • Den døde er død – skuespill (1972)
  • Om desse steinane tala – (1973)
  • Morn, røvarungar – barnebok (1973) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Kabalmennesket – (1974)
  • Flaggermus i grisehus – barnebok (1974) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Liv i grenda – barnebok (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Fartsgrense null – viser og dikt for barn (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Fantasi og fakta – sakprosa, lærebok (1978) (saman med Atle Røhme)
  • Farlig ferd for fire – barnebok (1978)
  • Så glad at det kiler i foten – songspel for barnekor (1978) (musikk ved Ellef Røe)
  • Til bekken etter vatn – diktsamling (1979)
  • Ei fjellbygd – musikkspel fritt etter Nicolai Ramm Østgaards En fjeldbygd - Billder fra Østerdalen (1979) (musikk ved Ellef Røe)
  • Morgonmat og synnavind – (1980) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ingen helter i Snare-veien – barnebok (1980) (illustrert av Per Christiansen) / Nynorsk utgave Ingen heltar i Snare-vegen (1981)
  • Filister.. hunden? – novellesamling (1981) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Huset med alle vindauga – skodespel (1981)
  • Dei urolege av hjarte – olsokspel (1983) (musikk av Ellef Røe)
  • Endeleg min tur – barnebok (1984)
  • Ut å sjå og heim og dans – (1985)
  • Middagshøgder – roman (1986)
  • Billett båe vegar – noveller for barn og ungdom (1986)
  • Utkanten midt i verda – (1988) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Endestasjonar – (1990)
  • Dreng. Hund og hann. Frå ein labradors liv – (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Flyktning i snøen – (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Sivil-Sara – (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Skjoldlua. Kvardagsbruk og brukskunst – sakprosa (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Nordspor – roman (1995)
  • Bikkjeredd – noveller for ungdom (1995)
  • Den store møteboka – sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den nye sjukeboka – sakprosa (1998) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Høgder over havet – diktsamling (1999) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Boa struts – billedbok (2000) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Bak lengste mil – olsokspel (2001)
  • Minneboka. Stutt versjon – (2001) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Vinterbrann – noveller (2002)
  • Lommeboka – sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Sølverglans og andre noveller – novellesamling (2005)
  • Skal vi synge eller slåss – epistlar (2006)
  • Utkant i kant på kanten : fem tekstar for scenen (2007)
  • Ansiktsløfteboka – (2007)
  • Kentaur men helst hest – dikt (2008)
  • Johannes i sporet. Hysj, hysj! : ei bildebok – barnebok (2009)
  • Hageboka – (2009)
  • Johannes til fjells. Sjå, sjå! : ei bildebok – barnebok (2010)
  • Johannes og villreinen – barnebok (2011)
  • Johannes og nordlyset – barnebok (2012)
  • Betonggras – noveller (2012)

PrisarEndra

ReferansarEndra

  1. «Ola Jonsmoen». forfatterkatalogen.no. Henta 14. september 2017. 

BakgrunnsstoffEndra