Ola Olsson Saure

ordførar i Hjørundfjord

Ola Olsson Saure (18113. januar 1903) var ein norsk gardbrukar på Fram-Saure i Hjørundfjord. Han var ordførar 1852-53 i dåverande Hjørundfjord kommune.

Ola Olsson Saure
Fødd1811
Død3. januar 1903 (92 år)

Ola var gardbrukar i farsgarden Lassegarden på Fram-Saure i Skjåstaddalen frå 1839. Han var gift to gonger, fyrst med Jakobine Anderssdotter frå Ner-Saure og sidan Ragnhild Olsdotter frå Bjørke. Gjennom dei to ekteskapa vart han far til 14 born. Ein av sønene i andre ekteskap var morfar til Kåre Willoch.

I yngre år dreiv Ola vinterfiskje som leigekar. Han og nokre andre hjørundfjordingar var mellom anna tilsett hos ein kjøpmann i Ålesund. Frå om lag 1860 eigde Ola og tre karar i grannelaget ei om lag 34 fot lang klinkerbygd skøyte som dei nytta til Trondheims-handel. To gongar i året drog dei til Trondheim med kjøt og anna frå Hjørundfjord, selde desse varene i Trondheim og kjøpte «byvarer» med heim til omsetnad i Hjørundfjord-bygdene.

Ola var med i heradsstyret i Hjørundfjord i lang tid. 1850-53 og 1860-61 hadde han sete i formannskapet, åra 1852 og 1853 jamvel ordførar. Sa frå seg attval til heradsstyret i 1869. Han vart særleg hugsa for at han stod på «retten sin ved det han meinte var feil kommunal sakshandsaming vedkomande pliktarbeid på vegen i Skjåstaddalen.»[treng kjelde] Han vann fram i alle rettsinstansar, til sist også i Høgsterett i 1869.

Kjelder

endre