Opna hovudmenyen

Ola T. Lånke

norsk prest og politikar

Ola Torgeir Lånke (fødd 18. mars 1948) i Rennebu) er ein tidlegare norsk stortingsrepresentant (KrF) og prest. Han har graden cand.theol. frå Menighetsfakultetet 1977.

Ola T. Lånke
Ola T. Lånke (cropped).jpg
Fødd 18. mars 1948

Rennebu

Parti Kristeleg Folkeparti

Han blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag i 1993. Lånke fråsa seg gjenval i 2009. I si tid på Stortinget har Lånke arbeidd lengst og mest med kultur- og mediaspørsmål. Han var saksordførar for ulike saker som ABM-meldinga (arkiv, bibliotek og museum), for Operasaka i fleire omgangar, opprettinga av Digitalt bakkenett for fjernsyn og utflytting av statlege tilsyn mfl.

Før han blei vald til Stortinget, var han stiftskapellan med ansvar for personalspørsmål i Nidaros bispedømme. Han var medlem av Trondheim bystyre 1991–1993 (varamedlem 1987–1991). Frå 1975–76 var han leiar i KrFU. Han er gift med Berit Lånke, dagleg leiar for Nidaros Pilegrimsgård. Berit Lånke har òg presteutdanning og har vore nemnd ved fleire bispenominasjonar.

Lånke søkte i 2010 stillinga som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men sjølv om han av nokre blei rekna som favoritt [1], fekk han ikkje denne posten da utnemninga fann stad 10. juni 2011.

Han var ordførar i Rennebu kommune frå 2011 til 2015.

Stortingets presidentskapEndra

Medlemskap i regjeringEndra

  • 1990: Politisk sekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet

StortingskomitéarEndra

  • 2006-2009 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomitéen
  • 2006-2009 medlem av Den utvida utanrikskomitéen
  • 2005–2006 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen
  • 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
  • 2001–2005 varamedlem av Valkomitéen
  • 1997–2001 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
  • 1993–1997 sekretær i Kommunalkomitéen

KjelderEndra