Ola T. Lånke
Ola Torgeir Lånke (fødd 18. mars 1948) i Rennebu) er ein tidlegare norsk stortingsrepresentant (KrF) og prest. Han har graden cand.theol. frå Menighetsfakultetet 1977.
Ola T. Lånke | |||
| |||
Fødd | 18. mars 1948 (76 år) Rennebu kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, prest | ||
Utdanna ved | Menighetsfakultetet | ||
Alle verv |
|
Han blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag i 1993. Lånke fråsa seg gjenval i 2009. I si tid på Stortinget har Lånke arbeidd lengst og mest med kultur- og mediaspørsmål. Han var saksordførar for ulike saker som ABM-meldinga (arkiv, bibliotek og museum), for Operasaka i fleire omgangar, opprettinga av Digitalt bakkenett for fjernsyn og utflytting av statlege tilsyn mfl.
Før han blei vald til Stortinget, var han stiftskapellan med ansvar for personalspørsmål i Nidaros bispedømme. Han var medlem av Trondheim bystyre 1991–1993 (varamedlem 1987–1991). Frå 1975–76 var han leiar i KrFU. Han er gift med Berit Lånke, dagleg leiar for Nidaros Pilegrimsgård. Berit Lånke har òg presteutdanning og har vore nemnd ved fleire bispenominasjonar.
Lånke søkte i 2010 stillinga som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men sjølv om han av nokre blei rekna som favoritt,[1] fekk han ikkje denne posten da utnemninga fann stad 10. juni 2011.
Han var ordførar i Rennebu kommune frå 2011 til 2015.
Stortingets presidentskap
endre- 2006–2009 visepresident i Lagtinget
Medlemskap i regjering
endre- 1990: Politisk sekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet
Stortingskomitéar
endre- 2006-2009 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomitéen
- 2006-2009 medlem av Den utvida utanrikskomitéen
- 2005–2006 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen
- 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
- 2001–2005 varamedlem av Valkomitéen
- 1997–2001 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
- 1993–1997 sekretær i Kommunalkomitéen