Olaf Bryn

norsk politikar

Olaf Bryn (9. juni 18728. oktober 1948) var ein norsk gardbrukar og politikar som var fødd og død i Bærum.

Olaf Bryn
Olaf Bryn (1872–1948).jpg
Fødd 9. juni 1872
Bærum
Død

8. oktober 1948

Yrke politikar, bonde

Bryn var son til ein gardbrukar. Etter eksamen frå mellomskulen i 1890 tok han over både farsgarden Bryn og garden Rud i Vestre Bærum, 18 år gammal. Her dreiv han mellom anna Bryn gartneri.

Frå 1901 til 1922 var Bryn medlem av heradsstyret i Bærum, varaordførar 1904-09 og ordførar 1910-16. Åra 1922 til -27 var han stortingsrepresentant frå Akershus og for partiet Høgre. På Tinget var han sekretær 1922-24 og medlem 1925-27 i Tollkomiteen. Han møtte også to veker i 1928-sesjonen som vararepresentant.

Bryn var lokal kyrkjeverje i over femti år. Han var forlikskommissær i Bærum i lang tid, formann i forliksrådet 1914-34. Elles var han medlem i Akershus fylkes vegstyre til 1922, styremedlem i Bærums sparebank, medlem 1895-1928 av forstandarskapet i Bærums Sparebank og frå 1928 av ettersynskomiteen ved Noregs Bank sitt hovudkontor i Oslo.

KjelderEndra