Olaf Isaachsen

Olaf Wilhelm Isaachsen (16. mai 183522. september 1893) var ein norsk målar frå Mandal. Han vart kjend for sine røyndomsnære, livaktige folkelivsbilete og sine landskapsstudiar i klare fargetonar.

Olaf Isaachsen
Andersen-Isaachsen.jpg
Fødd 16. mai 1835
Mandal kommune
Død

22. september 1893 (58 år)
Vågsbygd

Yrke kunstmålar, portrettmaler
Sjanger portrett
Olaf Isaachsen på Commons

Liv og gjerningEndra

 
Ung pike i Setesdalsbunad, 1878
 
Olav den helliges lik pleies, 1880

Isaachsen var son til ein sorenskrivar og soneson til kjøpmannen Isaach Isaachsen. Han bestemte seg for å verte målar då han gjekk på Nissens Latin- og Realskole i Kristiania, oppmuntra av kusina Hedvig Erichsen Lund, som sjølv var målar. Frå han var 15 år gammal gjekk han i lære på Teikneskulen i hovudstaden, elev av Joachim Frich og Johannes Flintoe.

I 1854 reiste Isaachsen til Düsseldorf for å studere ved kunstakademiet i byen. Han fekk den utflytta mandalitten Adolph Tidemand til lærar, og vart mykje påverka av han. I 1859 reiste Isaachsen vidare til Paris for å studere under Thomas Couture og sidan eitt år hos realisten Gustave Courbet. Her vart han verande til 1862, stilen hans endra seg mykje under opphaldet i Frankrike.

Etter tida i Paris laga Isaachsen måleri som vart rekna til stilretninga realisme. Han heldt til i Setesdal 1864-66, her måla han i 1866 Setesdalsstue, Kveste i Valle. På 1870-talet var han på ny utanlands og tok inntrykk frå den franske impresjonismen. Arbeida vart meir fargerike og fantasifulle.

Isaachsen er representert med over 20 måleri i Nasjonalmuséet i Oslo. Mellom hans mest kjende verk er Setesdalsloft frå 1878, Syrinbusk i Morgensol og Tore Hund ved Olav den helliges lik, begge dei siste frå 1881.

KjelderEndra

  • Store norske leksikon.