Olaus Thorsen Klaveness (7. oktober 184419. januar 1910) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sande i Vestfold. Han representerte Venstre.

Olaus Klaveness
Fødd 7. oktober 1844
Sande
Død

19. januar 1910 (65 år)
Sandefjord

Yrke bonde, politikar

Klaveness var son til ein skipper og gardbrukar. Tida 1869-98 var han gardbrukar på farsgarden Bjørnum, sidan på garden Mo i same heradet. Frå 1897 heradskasserar. Mest heile tida frå 1877 var han medlem av heradsstyret, ordførar 1881-96. 1882-97 var han forlikskommissær.

Klaveness var 1. representant frå Jarlsberg og Larviks amtStortinget 1892-94. Han var medlem av tollkomiteen og frå 8. mai 1893 av Lagtinget.

Han døydde i Sandefjord i 1910.

KjelderEndra