Olaus Olsen Færden

Olaus Olsen Færden (17. april 182618. mars 1913) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.

Olaus Olsen Færden
Fødd 17. april 1826
Norderhov
Død

18. mars 1913 (86 år)
Ringerike kommune

Yrke politikar, bonde

Far hans var gardbrukar og kyrkjesongar i Norderhov. Sjølv gjekk han Asker seminar, eksamen 1844. 1845-46 var han lærar i heimbygda. I 1847 kjøpte han garden Hverven og dreiv denne i lang tid. Han var medlem av heradsstyret frå 1854 til 1894, ordførar 1856-69, 1872-75 og 1893-94. Vidare var han presten sin medjelpar i ei rekke år, forlikskommissær og sparebankdirektør. Han var òg formann i heradet sin matrikkelkommisjon.

Færden representerte Buskeruds amt 1859-69 og 1874-76. Både 1859-60 og 1862-63 var han medlem av protokollkomiteen, 1862-63 var han elles medlem av matrikkelkomiteen og jarnbanekomiteen. Medlem av bankkomiteen 1865-66, 1868-69 og 1874, av Lagtinget 1868-69 og 1874-76, samt 1875-76 av budsjettkomiteen og valkomiteen. Elles var han medlem av fleire kongelege kommisjonar, så som om skyss- og diettlova, om forpakting av embetsgardar 1869, om skulestellet i byane 1871, og av tollkommisjonen av 1879.

På sine eldre dagar oppretta han eit legat på kr 50nbsp;000,- til ein barneheim.

Han døydde på garden sin i Norderhov i 1913.

KjelderEndra