Opna hovudmenyen

Olav Holt

norsk professor og fysikar

Olav Holt (fødd 7. januar 1935) er ein norsk fysikar. Han vart valt som første rektoren ved Universitetet i Tromsø (1973–1977).

Olav Holt
Fødd7. januar 1935
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Universitetet i Tromsø
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi

Holt tok dr.philos. i 1963 og var frå 1969 professor i fysikk ved Universitetet i Tromsø og styrar av Nordlysobservatoriet. Han var direktør for Forskningsstiftelsen ved Universitetet i Tromsø (FORUT) frå 1984 til 1992. I 2018 vart han utnemnd til æresdoktor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Han har særskild arbeidt med fysikken i den øvre atmosfæren og korleis radiobølgjer breier seg i ionosfæren.

Olav Holt er far til forfattaren Anne Holt.

KjelderEndra

  • «Olav Holt» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.